– Ein av skulens viktigaste oppgåver er å hjelpe alle elevar til å bli gode språkbrukarar, sa kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell under opninga av Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning i Trondheim i dag.
Det nye senteret er lokalisert saman med Høgskulen i Sør-Trøndelag, men er og knytta til Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). Skrivesenteret skal ha ei pådrivarrolle i arbeidet med å styrke skrivekompetansen hjå lærerar og elevar. Det vil ha som eit hovudmål å setje skriving i alle fag på dagsordenen, seier kunnskapsministeren.
Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning er eitt av i alt 8 nasjonale kunnskapssentra som finst i landet.
Du kan lese meir om senteret på heimesidene deira.
Foto: Flickr