Heim Nyhende Skuffa over manglande krav om nynorskteksting

Skuffa over manglande krav om nynorskteksting

Målungdommen er skuffa over at Kulturdepartementet ikkje stiller krav om nynorskteksting av norske kinofilmar frå neste år.

Departementet krev at norske kinofilmar blir teksta for hørselshemma, men stiller ikkje krav til målform.

Alle spelefilmar som får statstilskot etter 1. januar 2012 skal visast med tekst når dei blir sett opp på kino. Dette vil gjere norske filmar tilgjengeleg for eit større publikum og medverke til å gjere samfunnet meir inkluderande og tilgjengeleg for alle deler av folket, meiner kulturminister Anniken Huitfeldt.

Norsk Målungdom gjekk i september ut å kravde at det skulle presiserast at filmane skulle tekstast på både nynorsk og bokmål. Det har ikkje departementet teke omsyn til. Det er opp til produsenten av filmen å avgjere kva målform som skal nyttast, opplyser dei til Nynorsk pressekontor.

Leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom er skuffa over at departementet har valt det ho kallar ei litt feig løysing.

– Me meiner at det departementet burde følgt opp si eiga stortingsmelding Mål og meining frå 2008 der dei slår fast at norsk inneber både nynorsk og bokmål, seier Nygård.

Målungdommen viser til at departementet sjølv argumenterer med at teksting kostar relativt lite i våre dagar, og meiner det difor burde vere mogleg å parallelltekste.

– Då kunne kinosjefane velje kva målform dei ville nytte, og filmane kunne bli vist med nynorsk tekst i nynorskområde. Det ville bli eit reelt val, seier Nygård. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...