Heim Nyhende Skulemålrøysting i Sauherad

Skulemålrøysting i Sauherad

Søndag og måndag blir det folkerøysting om skulemål i Sauherad i Telemark, melder NRK.

Bakgrunnen er at skulane i kommunen skal slåast saman til ein frå hausten av. I dag er det tre grendaskular med bokmål som hovudmål, og desse skal slåast saman med den einaste barne- og ungdomsskulen i kommune, Gvarv skole/Sauherad ungdomsskole. På Gvarv er nynorsk hovudmål, men skulen har også bokmålselevar.

No har kommunen lagt opp til ei rådgjevande folkerøysting om skulemål, men ifølgje NRK er det ikkje den store kamviljen i kommunen nett no. Debatten kring skulesamanslåinga har vore så støyande at dei folkevalde truleg har fått nok.

Les også: Folkerøystingar – til gode for nynorsken?

Det kan fungerande leiar i Nes mållag, Ola Vea Gustavsen også stadfeste. Han håper likevel at Gvarv skule vil halde fram med å vere ein nynorskskule, også etter at den har blitt større.

– Kommunen argumenterer med at det vil bli fordyrande med ein skule kor ein må ha språkdeling. Men vi trur dette handlar om korleis ein reknar på det. Det finst mildar som kommunen kan søke om for å dekke utgiftene til språkdeling, seier Gustavsen til LNK.no.

Ei språkdeling blir det uansett, trur Gustavsen, anten ein bokmålsskule med nynorskelevar, eller ein nynorskksule med bokmålselevar. Mållaget ser positivt på det språklege mangfaldet i skulen, men ønskjer først og fremst at kommunen skal ha ein nynorskskule.

Saka skal avgjerast i kommunestyret til før sommaren.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...