Heim Innspel Språk, sex og hat

Språk, sex og hat

Yvonne Algrøy er frilands skodespelar og skribent. (Foto: privat)Eg kunne aldri ligge med ein mann som skamlaust delte ord etter innfallsmetoden eller skreiv onsdag med stor bokstav. Han måtte i så fall ha synt meg prov på at han var dyslektikar. Eller liechtensteinar.
Om eg ikkje hadde sett eit einaste ord han hadde skrive, før etter vi hadde hatt oss og eg fann ein lapp på puta der det stod: «Takk får i går, det var utanom jordisk deilig» (for det må vi rekne med det var), hadde eg kjølna tvert.

Dette er sjølvsagt mitt problem. Dette er mine meiningslause fordommar som eg ikkje veks frå. Sikkert fordi eg ikkje vil vekse frå det. Eg anar ikkje kvifor det er slik. Menn med dårleg skriftspråk har ikkje skada fleire eller bygd mindre av landet enn menn med godt skriftspråk. Kanskje tvert om, kva veit eg? Eg har ikkje bygd ein drit av landet sjølv. Eg veit ikkje korleis ein gjer det. Eg har berre vond vilje, er tjukk av fordommar og tydelegvis hjelpelaus i landsbygging. Sjarmerande. Eg fortener ikkje denne mannen med lappen uansett, ser eg. Tenk, han skreiv skjønn lapp til meg etter ei dirrande heit natt. På nynorsk til og med. Og eg heiv han ut! Eg raudnar og skjemmest i fleng. Eg har sikkert gått glipp av nokre fantastiske feilstavingar i bingen med denne haldninga. Til mitt forsvar, så er det spjærande likegyldig kva målføre han ikkje meistrar. Eg er like fordomsfull mot alle, det skal eg ha.

Det er mykje kjensler rundt språk. Eg er hon ikkje aleine her. Men sjølv om det handlar om identitet, må ein lure på kvifor folk vert så forbanna humørlause i språkdebatten? Alt dette hatet. Tenk å gidde å vere nynorskhatar, til dømes. Har dei ikkje eit hus å vaske? Eg undrar meg på om nynorskhatarar hiv nynorskbrukarar ut or senga når det går opp for dei kva målform vedkomande skriv. Eg trur eigentleg ikkje det. Eg trur sjølverklærte nynorskhatarar har stelt seg slik at dei lyt vere glade for det dei får. Det må vi kunne tru, all den tid det ikkje går an å hate eit språk. Det blir som å hate glade babyar og lodne hundekvelpar på ei sky av såpebobler. Faren er at om han verkeleg klarar å lande ein nynorskbrukar, kan hataren sjå på brukaren som eit eksotisk leikety. Eit leikety å vise fram på fest:

«Se på denne da, dere. Jeg fant den på byen, stakkar. Det er en sjelden rase, dere. Det er nå bare rundt 13 % igjen av dem. Men dere må ikke se den inn i øynene, da tror den dere vil sloss.»
Dette er sjølvsagt worst case scenario og rein hypotese. Ein nynorskbrukar ville aldri ligge med ein nynorskhatar. Ikkje som omvendingseksperiment eingong. Til naud som feltarbeid. Ein brukar kjenner att ein hatar svært raskt. Vedkomande treng ikkje seie noko særleg, dei har så mange andre påfallande særtrekk. Dei har slappe handtrykk, slappe kjevar og kj-lydar (ein anar ikkje om dei kallar deg skjære eller kjære), vassent blikk, dyre klumpete bilar, dei snyt på skatten, har dårleg ande, slår, foraktar NRK2 og ligg med dyr.

Ei uskuldig Facebook-side eg fann, heiter «Jeg hater nynorsk». Ho hadde 36 likes og er høgst truleg starta av ein litt villfaren fjortis. Ein skal ta ungdomen alvorleg. Ein bør heller skampryle foreldra. Dette vetlehatet var altså ikkje noko å henge seg opp i. I alle fall ikkje samanlikna med vaksne storhatarar med slagkraft, indignasjon som livsmotto, høg røyst og mykje fritid. Likevel klarte eg å bli utruleg tilfredsstilt då eg på denne sida las: «Heeey heey alle nynorsk hatere». Alt heng i hop.

Språkåret 2013 er eit søtt tiltak. Kva er vel deiligare og riktigare enn å hylle det norske språkmangfaldet. Løfte alle fram, gjere alle stolte over eige målføre. Så kan alle drite i å hate. Enten dei er fjorten eller femti. Det er ikkje noko å seie på det. Det er så velmeint. Og det kjem sjølvsagt ikkje til å endre ein skit når det gjeld fordommar og hating. Men det vert skipa til mange kjekke arrangement i samband med Språkåret, og då kjem gjerne folk seg ut meir. Det er ein god ting. Så lenge dei går heimatt med ein god ting òg. Som rett nok heilt umotivert deler ord, men som dønn motivert deler seng.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...