Heim Nyhende Svært godt år for Det Norske Teatret

Svært godt år for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret kan gle seg over svært godt besøk og rekordhøge eigeninntekter i fjor.

Til saman 223.491 besøkjande var innom teatret i fjor. Det er nesten 40.000 fleire enn året før.

På hovudscenen var det særleg musikalen Evita, Abrahams barn og Det gode mennesket frå Sezuan som trekte mykje publikum. Teatret trekkjer også fram barneframsyninga Felix Fantastiske orkester og Fotballoperaen Norge-Brasil som kunstnarlege sigrar med eit nøgd publikum.

Teatret gler seg òg over god oppslutnad på framsyningane på dei mindre scenene. Fleire Heddaprisar gjer også at teatret meiner 2012 går inn i historia som eitt av dei beste for Det Norske Teatret.

Også økonomisk er teatret godt nøgd. Av omsetnaden på 201,7 millionar kroner, utgjorde eigeninntektene 52,508 millionar kroner. Dette er den høgaste eigeninntekta Det Norske Teatret har hatt nokon gong. Årsresultatet viser eit overskot på 2,5 millionar kroner.

– Vi er godt nøgde med årsresultatet, aldri tidlegare har eigeninntektene vore så høge, seier direktør Astrid Driva Rødsand.

Resultatet er likevel 4,7 millionar kroner lågare enn i 2011.

– Det er ikkje noko mål for oss å gå med eit veldig stort overskot, men å bruka pengar på å laga teater. Grunnen til at resultatet var høgare i 2011, er at vi då fekk store inntekter på slutten av året og ikkje rakk å generera pengane inn att i drifta. I fjor greidde vi derimot å bruka pengane vi fekk inn til å laga teater og nye framsyningar, seier Rødsand til Nynorsk pressekontor. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...