Heim Nyhende Frå sidemål til bonusmål

Frå sidemål til bonusmål

Den store polariseringa vart det ikkje under paneldebatten om språket etter språkåret, og semja var større enn kontroversane. Men eit nytt omgrep vart i alle fall fødd, til glede for dei frammøtte.

Det var Iril Schau Johansen, medlem i Hordaland fylkesting for Høgre, som tok til orde for å finne eit nytt omgrep for sidemål, som ho meinte var eit negativt lada ord.

– Kall det gjerne heller plussmål, bonusmål eller noko anna, meir positivt, var hennar forslag.

Bonusmål såg ut til å falle i smak hjå dei fleste, og ordet vart teke i bruk både av Schau Johansen og meddebattantane.

Schau Johansen måtte elles skuffe dei frammøtte som håpa å finne ein høgrepolitikar dei kunne ta for språkpolitikken deira.

– Det ein i Høgre meiner om sidemål, er ikkje først og fremst ideologisk motivert, men meir geografisk motivert tanke på i kva område partiet har flest medlemer, forklara ho og gav til kjenne eit positivt syn på nynorsk som så vel målform som bonusspråk.

Etterlyste fagspråk

Berre roser og semje var det sjølvsagt ikkje, og debattantane hadde ulike tilnærmingar til kva som må til for at nynorsken skal vere eit levande bruksspråk også etter språkåret. Venstrepolitikar Åsta Årøen var særskild oppteken av at så mange studentar byter målform når dei kjem opp på høgare studienivå eller er i starten på arbeidslivet.

– Vi tapar mange gode ambassadørar i dette bytet, meinte Årøen. Ein måte å kome dette til livs på vil vere å forsterke innsatsen innan fagspråkutvikling, slik at nynorsk blir eit språk som kan brukast også innafor fagfelta, hevda ho.

– Vi må byggje opp ein god terminologi som fungerer innafor profesjonane, var hennar råd.

Tospråklege bøker

Leiar i Bergen AUF, Øystein Hassel, er ungdommen som i fjor greidde å få AUF sitt landsmøte med på å bevare karakteren i sidemål, noko som ikkje var venta på førehand. I paneldebatten på landstinget var han oppteken av at elevane må få møte nynorsk på fleire område.

– Vi må kunne ha tospråklege lærebøker i fleire fag, slik at bokmålsbrukarane møter nynorsk også utanfor norskfaget.

Han ønskte dessutan at skulane skulle revurdere litteraturutvalet sitt, og såg fram til at elevane heller fekk lese meire av Are Kalvø og Linda Eide og mindre klassikarar. Dette fekk han støtte i av ordstyrar Jan H. Landro, tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende, som insisterte på at det hadde teke ti år før han orka å lese Garborg att etter å ha radbrekt Bondestudentar i studietida, som han uttrykte det.

Må byrje tidleg

Den siste i panelet, førsteamanuensis Jan Olav Fretland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meinte det ikkje ville nytte å rette innsatsen mot målbyte i vidaregåande skule eller høgare utdanning.

– Du kan ikkje gjere mykje i vidaregåande. Dette handlar om korleis vi greier skape trygge nynorskmiljø og vinne nye domene, slik at ein skapar trygge nynorskbrukarar.

Nynorskundervisninga må byrje tidleg, tidlegare enn i dag, hevda han.

– Ventar du til 9. klasse, er dei i opposisjon, og då skal du jammen argumentere godt for deg.

På spørsmål om kva nye domene nynorsken kan vinne, viste Fretland til tre område som Nynorsk forum i Sogn og Fjordane har peikt ut.

– Eit viktig poeng for oss er at nye landsmenn skal kome til det språket som er der dei kjem. På dette punktet er kommunane for dårlege.

Kommunane må derfor ha ein språkbruksplan for å minne dei tilsette om kva språkpolitikk kommunen har. Deretter peikte han på den makta ein kommune har til å stille språkkrav når dei lyser ut anbod.

– Sjå for deg at det nye saksbehandlarsystemet ditt kjem på bokmål. Spør du i anbodet, kostar det ikkje noko. Kjem du etterpå og bed om nynorsk, då byrjar taksameteret å gå, minte han om.

Eksamen eller ikkje

Eit av spørsmåla som vart reiste, var sjølvsagt korleis den einskilde stilte seg til Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til ny læreplan, og da særskild til om ein skal eller ikkje skal ha eigen eksamen i sidemål.

Åsta Årøen gav kort og tydeleg uttrykk for at Venstre står fast på ein karakter i norskfaget og eksamen i både hovudmål og sidemål.

Øystein Hassel stod også fast på standpunktet om å ha eigen eksamen i sidemål.

– Eg er glad for at ein ikkje skal slå alt saman til eitt. Eg trur det er viktig å dokumentere kompetansen sin, og det er viktig for nynorskkommunane at dei kan sjå om ein søkjar er kompetent i sidemålet eller ikkje.

Det siste var Iril Schau Johansen samd i:

– Det bør gå fram av vitnemålet kva du kan i båe målformene. Det bør vere karakter i båe målformer, og elevane bør prøvast i båe.

Samstundes tok ho til orde for at det bør vere unntak. – Det er ikkje alle elevar som er teoristerke. Det viktigaste er at ein lærer å kommunisere, og i somme tilfelle meiner eg ein kan klare seg med éi målform.

Jan Olav Fretland meinte den store kampsaka ikkje var ein eller to karakterar, men derimot at kampen om sidemålseksamen var den som var viktig å ta.

– Det aller viktigaste er kampen om obligatorisk opplæring i og eksamen i skriftleg sidemål.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...