Heim Nyhende Meir nynorsk i bokmålsskule

Meir nynorsk i bokmålsskule

På Bardufoss ungdomsskole i Troms får elevane stadig meir nynorsk i undervisninga.

Dette skuleåret har ungdommane i 10. trinn hatt RLE-undervisning med bøker på nynorsk, og inspektør Berit Gillebo seier tilbakemeldingane er så gode at dei no vil utvide tilbodet enno meir til neste skuleår.

– Til hausten satsar vi på å ha RLE-bøker på nynorsk i alle tre trinna. I tillegg reknar vi med å bruke nynorske samfunnsfagbøker i ein av disiplinane, forklarar Gillebo.

Ho fortel at lærarane som har hatt RLE, det vil seie Religion, etikk og livssyn, i 10. klasse i år har vore positive til forsøket. Kanskje ikkje så unaturleg, seier ho, sidan det ofte er norsklærarane som har dette faget, og dermed kanskje er dei med best kjennskap til nynorsk frå før.

– Men vi trudde vi skulle få nokre negative reaksjonar frå ungdommane og foreldra.

Det har skulen ikkje fått, og no ser Gillebo fram til å utvide nynorsktilbodet til elevane ytterlegare.

Satsinga i år har vore finansiert av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dei har løyvd utviklingsmidlar til skulen, og no vil skulen søke om vidareføring og utviding av prosjektet til neste år.

Ein av årsakane til at skulen no satsar meir på nynorsk, er mellom anna dårlege eksamensresultat i faget dei siste åra, forklarar Berit Gillebo.

– Det ville vi hjelpe elevane å rette på. Nynorskkarakteren tel like mykje som mattekarakteren, minner inspektøren om.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...