Dyslektiske studentar slepp snart sidemål i allmennlærarutdanninga. Det er klart etter at Likestillingsombodet tok saka opp med Kunnskapsdepartementet.
Likestillingsombodet meiner at reglane i dag er diskriminerande for dyslektiske studentar ved allmennlærarutdanninga. Det blir peika på at lærarstudentar med samisk, kvensk og norsk teiknspråk alt har fritak for sidemål.
– Under behandlinga vår av saka, vende vi oss til Kunnskapsdepartementet, som sa seg samd i synet vårt og som no vil arbeida for å endra forskrifta, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Ho er svært nøgd med avgjerda.
– Det vil bidra til at studentar med dysleksi kan få fritak for sidemålsundervisninga i allmennlærarutdanninga, seier Ørstavik.
Ho veit om fleire som ikkje har fått vitnemål etter å ha fullført allmennlærarutdanninga fordi dei ikkje greidde prøven i sidemål, og håpar difor at departementet får endringa på plass raskt. (NPK)