Heim Nyhende Slik er Diktarvegen

Slik er Diktarvegen

Våren 2009 hadde Diktarvegen avsparkkonferanse i Ulvik i Hardanger. Tre år seinare er vegen lagt med nye støttespelarar og ny organisering.

Ideen om ein diktarveg vart unnfanga på eit frukostmøte på Hotell Bondeheimen i 2008. Diktarvegen skulle då ha som intensjon å utvikle ei litteraturrute langs riksveg 13 som kunne gje ringverknader for kulturen, samferdsla og for kommunane langs vegen. Prosjektet fekk i 2009 ei styringsgruppe og LNK tok på seg det administrative ansvaret for prosjektet. Diktarvegens samarbeidspartar var, forutan LNK, dei fem diktarorganisasjonane Garborgsenteret, Lølandstiftinga, Haugestiftinga, Sivlelaget og Sandeselskapet, i tillegg til I/S Fjordvegen som også bidrog økonomisk.

 

Pengar på bordet

Hausten 2009 fekk prosjektet 700 000 kroner i støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet, og fekk såleis økonomiske musklar nok til å kome i gang med arbeidet. Dei tre fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, nokre bankar og andre kommersielle aktørar har også løyvd pengar til prosjektet.

 

Dagleg leiar i Lølandstiftinga fekk rolla som prosjektleiar, nettstaden www.diktarvegen.no vart oppretta og ein ny konferanse, Vegen vidare, vart halde i Balestrand våren 2010.

 

Veg + kultur?

Etter Vegen vidare vart det tydleg at prosjektet måtte finne si form. Vegfolket tykte det vart for lite veg, og kulturfolket sakna meir fokus på kultur. Ein ønskja også ei meir formell driftsform og ei tydeleg rettesnor å jobbe etter. I/S Fjordvegen tok initiativ til ei utgreiing av prosjektet og tok på seg å betale for dette. Telemarksforsking vart bedne om å setje opp ein statusrapport for Diktarvegen, og denne statusrapporten med tilrådingar vart lagt fram på LNK sitt landsting i april 2011. Konklusjonen var klar: Prosjektet Diktarvegen har gode føresetnader for å lukkast. Dei to organisasjonane I/S Fjordvegen og Diktarvegen har dessutan mest å hente på å slå seg saman til ein organisasjon med ein felles visjon og tydelege og langsiktige mål.

 

 

Ny form

Dette tok dei organisasjonane til seg, og Diktarvegen Fjordvegen vart formelt stifta som eit aksjeselskap frå 1. Januar i år. Selskapet har fått eit styre, med ordførar Solfrid Borge i Ullensvang herad som styreleiar. Den første generalforsamlinga i selskapet blir halde til våren.

 

Før den tid skal det vere ny konferanse, denne gongen i Lofthus i Hardanger. Det blir meir veg og meir kultur, og muligens ein enno tydlegare retning å dra i for litteraturruta langs rv. 13.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...