Heim Nyhende Smak av kortreist mat

Smak av kortreist mat

Vebjørn Skog har sagt opp stillinga som kultursjef i Stranda kommune og har etablert eigen matbutikk og selskapslokale som tilbyr lokal- og kortreist mat.

Frå administrativ jobb i kommunen er det blitt hektisk aktivitet i den nye stillinga som dagleg leiar i Matbuda AS – smaken av kortreist mat. Her fungerer Skog i alle ledd, frå administrering til kokkelering.

I tillegg til butikkutsal har Skog selskapslokale med plass til 10–15 personar der han tilbyr middag som er laga av lokale råvarer og tillaga av profesjonelle kokkar.

– Medan kald cateringmat vert laga av meg sjølv, kona og ein til i styret, leiger me inn kokkar på timebasis til varmmattservering, understrekar han.

Det er fleire tidlegare hotellkokkar som ynskjer å halda kokkekunsten i live i helgane i tillegg til annan jobb, i følgje Skog.

Overveldande respons

Det har vore travle dagar sidan oppstarten i byrjinga av september, med 15-17 timars arbeidsdagar, og responsen har vore enorm samanlikna med kva Skog hadde våga å håpa på.

– Eg får telefonar frå kundar som ynskjer å handla varer, og kundar som fortel at dei køyrer omvegar for å besøkja butikken, fortel Skog.

Konseptet har modna over tid. Gjennom jobben som kultursjef i kommunen deltok han i ulike kommunale fora, og han vart merksam på behovet for å samla lokale matprodusentar. Skog var klar for meir skapande arbeidsoppgåver og fekk med seg dyktige folk i etableringsfasen.

– Eg spelar på lag med andre og snakkar med dei som kan mat, fortel han.

Det er vanvittig mykje arbeid å starta for seg sjølv. Men det er berre positivt med travle dagar, held han fram. Han innrømmer at han gler seg til ein fortent fridag fyrste juledag. Opningshelga i september overgjekk alle forventningane til omsetning, og oktober månad var like bra. Stranda kommune har støtta etableringa med eit tilskot frå næringsfondet på 190 000 kroner. Dette kjem godt med i ein etableringsfase.

Matkommune

I butikken samlar Skog nisjeprodukt frå produsentar i fleire kommunar i Møre og Romsdal, men òg frå andre stader i landet. Her får ein lokal mat og drikke frå kommunane Nordal, Stordal, Stranda og Sykkylven, ost frå Tingvoll og smør og rjome frå Røros. Det er mangt å velja i for kvalitetsmedvitne kundar. Foredla fisk og kjøtprodukt, viltkjøt, ymse osteprodukt, lefser og flatbrød, smør og rømme, frosne skaldyr, saft, sylte og gelear, rakefisk og øl frå mindre bryggeri.

Etter den positive responsen har Skog merka seg at fleire av matprodusentane byrjar å tenkja saman om å setja Stranda kommune på kartet som matkommune.

– Det er mykje spennande som kan koma ut av dette, avsluttar Skog, utan å røpa for mykje.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...