Heim Nyhende Unge Høgre vil ha bort sidemål i Rakkestad

Unge Høgre vil ha bort sidemål i Rakkestad

Rakkestad Unge Høgre vil at kommunen skal søkje om fritak frå obligatorisk sidemål. Dei meiner fjerninga av sidemålet vil styrke norskundervisinga.

Sidemål i Østfold-kommunen er lik nynorsk, skriv Rakkestad Avis.

– Ein av fem går ut av den norske skulen utan å kunne lese og skrive godt norsk. Det er høge tal. Då meiner vi det er effektivt å fjerne obligatorisk sidemål, seier Klaus Byhrø, leiar for Rakkestad Unge Høgre til Rakkestad Avis. Unge Høgre legg vekt på at fjerninga av sidemålet vil frigjere ressurser og styrke den totale norskundervisinga.

Saman med Kristian Uttakleiv Ruud har han bede Eli Uttakleiv (H) ta saka opp i oppvekstutvalet, i håp om at Rakkestad skal søkje om fritak frå obligatorisk sidemål. Høgre har allereie gitt signal til administrasjonen om å kome med ei sak om dette på nyåret.

Klaus Byhrø meiner det er meiningslaust at dei som allereie slit med hovudmål, skal bli tvungne til å lære seg norsk på det han kallar to forskjellige måtar. Han peikar likevel på at elevane framleis skal lese tekstar på nynorsk.

– Vi trur at ved å lese nynorsk, vil gleda over språkformen bli endå større. Det er mykje fantastisk litteratur på nynorsk, og når ein fjernar den obligatoriske undervisinga, vil ein lese meir nynorsk enn ein gjer  i dag, trur Byhrø og Ruud.

Dei fryktar derfor ikkje at Rakkestad-elevane skal slite med nynorskkarakteren når dei kjem til vidaregåande skule. Samstundes er 16-åringane frå Rakkestad Unge Høgre vel vitande om at Høgre også kjempar for å fjerne obligatorisk sidemål frå vidaregåande skule.

– Det einaste argumentet vi høyrer for at sidemål skal vere obligatorisk, er at dersom du får deg ein jobb i kommunen, må du svare på brev med same målform som breva er skrivne på. I dei få tilfella det gjeld må det vere muleg å ta kursing, elles så held det at ein i kommunen kan nynorsk, meiner Byhrø.

Han ser ikkje bort ifrå at sidemål kan vere eit valfag.

– Då vil dei som vel det, lære språket på ein skikkeleg måte, slår han fast.

Les Nynorsk kultursentrum si analyse av nynorskbruken i den norske skulen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...