Heim Nyhende Søkjer etter journalistar

Søkjer etter journalistar

Det nystarta Nynorsk Avissenter i Førde lyser no ut etter sitt første kull med avisjournalistar. Søknadsfristen er i april.

Nynorsk Avissenter vart etablert ved årsskiftet og har som føremål å hjelpe nynorskavisene med rekruttering av journalistar samt å utvikle den digitale lokalavisa. Senteret opnar formelt i august.

-Rundt i landet finst det 59 lokalaviser som har nynorsk som standardspråk. Dei held nynorsken i hevd som eit levande bruksspråk. Ingen produserer så mykje nynorsk tekst som avisene. Derfor er det overmåte viktig for språkutviklinga at desse avisene taklar overgangen til den digitale tidsalderen på ein god måte, seier Arve Sandal som er dagleg leiar for Nynorsk Avissenter.

Sandal trur senteret med den største nynorskavisa i ryggen kan bli eit godt handslag for avisene i denne prosessen.

Også NRK Nynorsk mediesenter, som har utdanna nynorskjournalistar til radio og tv sidan 2004, kjem med eit nytt kull med studentar i vår. Med deira ni og studentane som kjem inn i Nynorsk Avissenter i haust blir det då klekka ut 18 nye nynorskjournalistar i året.

Magni Øvrebotten, leiar av NRK Nynorsk mediesenter, meiner styrken med opplegget deira er at elevane får ekte, praktisk trening i redaksjonen ved å lage innslag og reportasjar som skal på lufta.

-Dette er ei bratt, men effektiv lærekurve som har vist seg å fungere godt. Dei fleste går rett inn i vaktplanar i redaksjonane etter seks månadars opplæring. Vi legg stor vekt på å gje praktikantane språkleg ballast med på vegen. Etter nokre månadar i Førde og Sogn og Fjordane, der dei fleste brukar nynorsk, blir dei både meir medvitne og stoltare av språket sitt, seier Magni Øvrebotten.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...