Heim Nyhende Søkjer om valfritt sidemål

Søkjer om valfritt sidemål

Buskerud fylkeskommune søkjer om å få gjere endringar i norskfaget, for andre gong i løpet av eit år. Endringane består i å gjere sidemål valfritt, èin karakter i norskfaget og vurderingsfritak i sidemål for elevar med lese- og skrivevanskar, melder Norsk Tidend.

– Det er viktig for oss, då vi ser at ein av fem elevar går ut av skulen utan å kunne lese og skrive skikkeleg. Derfor ønskjer vi å prioritere det som er viktig i skulen. Og det som er viktig, er å lære seg hovudmålet skikkeleg. Derfor søkjer vi no, då vi ser at Kristin Halvorsen har endra meining. Vi fekk avslag på søknaden i fjor, men no håpar vi å få søknaden godkjent, slik at elevane ved dei vidaregåande skulane i Buskerud får valfritt sidemål frå i haust, seier Christopher Wand (Høgre), medlem i hovudutvalet for utdanningssektoren. Fråsegna er gitt i ein video som ligg på Buskerud fylkeskommune si heimeside.

Ifølgje Norsk Tidend er søknaden grunngitt med eit møte med kunnskapsminister Kristin Halvorsen kor det skal ha kome signal om at satsinga på sidemålet skal reduserast. Departementet på si side seier dette var sagt i generelle vendingar og at det ikkje var noka oppmoding til Buskerud fylkeskommune om å setje i gong eigne tiltak for å gjere endringar i norskfaget.

Buskerud fylkeskommune sendte ein liknande søknad i fjor. Denne søknaden vart avslått. Utdanningsdirektoraret har tidlegare uttalt at alle søknader om valfritt sidemål vil bli avslått.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...