Heim Nyhende Nye tekstar frå Olav H. Hauge

Nye tekstar frå Olav H. Hauge

I dag lanserte Haugesenteret bok med ei rekkje ukjende og upubliserte tekstar av Olav H. Hauge.

«Olav H. Hauge og ‘Gamalt frå Ulvik’» er ei samling kortprosa, dikt, ord og uttrykk som er funne i kladdebøkene til Olav H. Hauge. Dei eldste tekstane er frå 1932, heile 14 år før han debuterte, då Hauge var 24 år gammal.

Forfattar Arne Skjerven meiner dette beviser at Hauge også skreiv dikt i løpet av den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen. Korleis skulle han elles fått debutert med ei diktsamling i 1946, spør Skjerven.

I tillegg til dikt er det altså nye aforismar, eller stingord som Olav H. Hauge kalla dei, og ei ordsamling med i boka. Kladdebøkene inneheld også små soger og forteljingar frå Hardanger, rim og reglar og anna stoff, mellom anna mykje han har skrive ned etter mor si, Katrina Hauge, fortel Haugesenteret.

– Her er hundrevis av soger der me sit att med sjølve kjøtet, beinet og margen, ofte ei hending skriven i slåande kortform, seier Arne Skjerven.

Utgivarane har tileigna boka til Olav H. Hauge-senteret.

– Skjerven og Bergo har med raus hand stilt opp for Olav H. Hauge-senteret. No får vi endeleg gi noko attende ved å leggje til rette for denne bokutgivinga, seier fungerande dagleg leiar Ottar Grepstad ved Hauge-senteret.

I si tid kom 12 kladdebøker og ein del handskrivne lausblad frå Bodil Cappelen til Ulvik lokalhistoriske arkiv. Etter avtale med Ulvik lokalhistoriske arkiv overtok Olav H. Hauge-senteret i november 2011 ansvaret for kladdebøkene.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...