Heim Nyhende Solfrid Borge til Diktarvegen

Solfrid Borge til Diktarvegen

Det er sett ned ei eiga prosjektgruppe for Diktarvegen. Gruppa vert leia av Solfrid Borge som er ordførar i Ullensvang herad og styremedlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Med seg i gruppa har ho Nils Moldøen som er leiar i Ryfylke IKS, Bjørn Andresen som er prosjektleiar i Nasjonal Turistveg, Randi Bårtvedt som er direktør ved Norsk Vasskraft – og Industristadmuseum, Helene Barkved som er koordinator ved Marine Harvest, Sigurd Kvikne som er direktør ved Kviknes Hotel og Margrete Reisæter som er styreleiar i Jakob Sande – selskapet.

Gruppa vart konstituert under diktarvegkonferansen i Balestrand torsdag og fredag denne veka.

Fjordvegen er samferdsleåra som går frå Jæren gjennom Ryfylke, Hardanger, Sogn og Fjordane og til Sunnfjord. IS Fjordvegen og prosjektet Diktarvegen ynskjer å etablera Fjordvegen som ein spennande møteplass der ulike grupper kan møtast ”på tvers” for å setja fokus på utvikling av kommunikasjonar, kultur, nærings- og reiseliv. Regionane langs Fjordvegen har felles tradisjonar og utfordringar som betre kan utviklast gjennom å løfta i lag.

Ryggrada i Diktarvegprosjektet er forfattarane Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg som alle vart fødde og/eller budde nær der vegen går i dag. Målet er bruka denne grunnmuren til å samla det breie kulturutrykket regionane har utvikla gjennom generasjonar.

Diktarvegen er eit pilotprosjekt og det første i sitt slag i Noreg. Det var i Ulvik i april 2009 arbeidet med å etablera eit felles litteratur- og kulturnettverk med Fjordvegen som bindeledd starta.

Aktuelle samarbeidspartar for vidareføringa er dei nasjonale forfattarorganisasjonane, reisemålsselskap / Fjord Norge, Nasjonale turistvegar, kommunane, fylkeskommunane og regionråda langs RV 13, Innovasjon Noreg og næringslivet.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Rasmus Løland-markeringa 2007-2011, Olav H. Hauge-stiftinga, Sivle-laget og Jakob Sande-stiftinga står bak styringsgruppa.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...