Heim Nyhende Sommarsnakk med Knut Olav Åmås

Sommarsnakk med Knut Olav Åmås

Knut Olav Åmås meiner mange sjefredaktørar må revurdere språkpolitikken i avisene.

Namn: Knut Olav Åmås

Alder: 44

Yrke: Kultur- og debattredaktør i Aftenposten

Brukar sommaren til? Arbeider for det meste. Tek meir ferie til hausten (ein månad i New York). Men får i sommar også tid til vestlandsturar og ei veke i fjella i Sveits.

Kva er ditt forhold til språk? Språket er den viktigaste arbeidsreiskapen min.

Kva meiner du blir nynorsken sin største utfordring framover? Å unngå å bli eit reint vestlands- og elitespråk.

Kva må til for at det skal bli meir nynorsk i dei største riksavisene? At sjefredaktørane i avisene revurderer språkpolitikken – det er nemleg ingen andre som kan ta slike avgjerdsler når det gjeld nynorsk skrive av dei tilsette i avisene. For spørsmålet har med policy-en i avisene å gjera. Når det gjeld nynorsk i kritikartiklar og debattinnlegg/kronikkar, er det annleis allereie i dag. Der har vi i Aften og Aftenposten hatt ein markant auke dei siste åra.

Meir sommarsnakk finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...