Heim Nyhende Stor etableringslyst over heile landet

Stor etableringslyst over heile landet

I andre kvartal i år vart det etablert nær 8.800 nye bedrifter. Om ein samanliknar med andre kvartal i fjor, finn ein den største veksten i Finnmark, Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag.

Til no i år er det etablert 18.314 nye næringsføretak i Noreg, viser tal som Experian har utarbeidd for Nationen. Til samanlikning var 2006 var eit toppår for nyetableringar med 38.000 oppstarta føretak. Tre år seinare, etter finanskrisa, var det tilsvarande talet 22.000.

– Med ei framleis positiv utvikling ligg 2012 an til å bli det beste gjennom tidene når det gjeld etablering av nye føretak i Noreg, skriv avisa.

Den største veksten er det Finnmark som har. Her er talet på nye føretak nesten dobla, frå 65 nyetableringar i fjor til 128 i år, ein vekst på 96,9 prosent.

I Sogn og Fjordane er det ein auke på 72 prosent om ein samanliknar talet nyetableringar frå andre kvartal 2011 til andre kvartal 2012.
Nord-Trøndelag har den tredje største auken frå andre kvartal i fjor, med 64,1 prosent.

– Lågare krav, blant anna senka kapitalkrav for aksjeselskap, ser ut til å ha verka. Tre av fire nyetablerte bedrifter er AS og ASA, skriv avisa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...