Heim Nyhende Sommarsnakk med Ronny Brede Aase

Sommarsnakk med Ronny Brede Aase

Ronny Brede Aase tilbringer sommaren i P3-studio, men har tid til ein liten prat med LNK.

 

Namn: Ronny Brede Aase

Alder: 22

Jobbar som: Programleiar og DJ i NRK P3

Bruker sommaren til: Å lage sommarradio for P3-lyttarane. Programmet P3 Sommer sender lyttarar på festival, turnèrar landet i ein grevlingbil, og serverar sol i øyra fire timar kvar dag. Eg trivst veldig godt, og trur det blir stas å ta ferie når hausten har tatt tak i oss.

Bruker du nynorsk i blogg, Twitter, Facebook og i andre sosiale nettverk: Eg brukar nynorsk overalt. På Twitter, Facebook, min private blogg og når eg bloggar på nettsidene til P3.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: I populærkulturen. Nynorsken når for sjeldan fram til dei som berre har eit forhold til skriftspråket gjennom sidemål på skulen. I staden for å møte nynorsk på skulebenken burde ungdom oppleve nynorsken på fritida. I medium dei nyttar seg av. Og så bør ungdomen bli presenterte for ei lettfatteleg utgåve av skriftspråket. Som viser fordelane og det vakre ved skriftspråket – ikkje dei delane som er tunge og keisame.

Bør aviser som ikkje tillet båe målformer som redaksjonsspråk få pressestøtte: Det tykkjer eg dei bør. Eg trur ikkje tvang, eller å knyte att pengesekken for dei som strittar i mot er vegen å gå. Avisene bør sjølve bestemme korleis dei ønskjer at produktet dei lagar skal presenterast, og eg trur ikkje nynorsk i VG er avgjerande for framtida til språket.

Har det noko å bety for deg om bøker og aviser er på nynorsk og/eller bokmål: Når eg les bøker og aviser, gjer eg det på grunn av innhaldet. Same for meg om dei er skrive på bokmål, nynorsk eller engelsk, så lenge det er lesestoff som klarar å underhalde meg.

Kvifor nynorsk: Nynorsk velgjer eg fordi det er språket eg best klarar å uttrykkje meg skriftleg på. Bokmål er for stivt, meiner eg. Dessutan er dialekta mi nynorsknær, difor er nynorsken ein stor del av personlegheita mi.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...