Heim Nyhende Søstrer med bygdesatire

Søstrer med bygdesatire

– Det går an å skrive nynorsk og framleis vere kul, seier Guri Sørumgård Botheim (31). Ho har skrive romanen Ramstein pensionat saman med søstera Sigrid (24).

Med bokhausten kjem også debutantverka. Eit av dei er punktromanen Ramstein pensionat. Romanen handlar om den unge kvinna Debbey, som bur i Trondheim med ein kjedeleg kontorjobb, overflatiske venner og ein slesk kjærast. Ho har det rett og slett ikkje så bra. Men så arvar ho eit pensjonat i Romsdalen frå grandtanta si, og der dukkar det opp både kjekke menn og eit heimebrentapparat som kjem til å spele ei sentral rolle i handlinga.

– Parallelt følgjer me heimebrennaren, pianisten og forretningsmannen Humbrent. Det knyter seg spenning til kva som skjer dersom Humbrent og Debbey møtast, seier Guri.

– Kva vil de fortelje med historia?

– Det har me tenkt ein del på etter at boka vart skriven. Romanen er i grunn distriktsvenleg i uttrykket sitt. Den viser at det kan vere eit meir spanande liv på landsbygda enn i byen. Eg håpar det er bygdesatire på ein positiv måte, slår ho fast. Jentene frå Lesja kommune debuterer no på Samlaget.

Felles prosjekt

Boka er ein punktroman. Det vil seie at deler av teksten kan lesast sjølvstendig, og det vert mykje opp til lesaren å kople saman handlinga. Det mest oppsiktsvekkande med boka er utan tvil at det er to søstrer som har skrive ho saman. Medan Guri har hovudfag i litteratur og no jobbar ved Norsk Forfattersentrum i Midt-Noreg, er Sigrid utdanna klassisk pianist. Bokprosjektet har teke fire år.

– Det er praktisk vanskeleg å arbeide to i lag, men det har heilt klart tilført skrivinga humor. Det er fleire grunnar til at me starta på prosjektet. Blant anna var me på ein biltur til Romsdalen der me vart inspirerte. I tillegg skreiv me historier saman der me skreiv annakvart ord. Me har også gjort mange andre ting saman, blant anna har me spelt firehendig piano, fortel Guri Sørumgård Botheim.

Ein annan grunn til at bokprosjektet vart realisert, var truleg at jentene kjende David Allan Aasen, som var forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

– Me sende inn eit manus under psevdonymet Sigurd Sørheim, som er ei blanding av namna Sigrid og Guri, for å lure han litt. Seinare vart Sigurd Sørheim ein karakter i boka vår.

Kjempekult og friskt

Guri meiner haustens bokdebutantar er forfriskande unge. I tillegg meiner ho nynorsken er godt representert.

– Det er viktig dersom nynorsken skal vere levande framover. For oss var det heilt naturleg å skrive nynorsk, det er skriftspråket vårt. Det var det me lærte på skulen, seier ho.

Ho viser til at mange unge forfattarar har opna døra for god nynorsk litteratur. Blant anna trekk ho fram Agnes Ravatn som ho meiner skriv «kjempekult og friskt», Olaug Nilssen og Mette Karlsvik.

– Og den største fordelen med å skrive nynorsk er at ein slepp å skrive bokmål, slår den unge debutanten fast.

Om det fristar å skrive fleire bøker saman? Heilt klart.

Førre artikkelOsland til Falturiltu
Neste artikkelFann draumejobben

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...