Heim Nyhende Sparkar i gang barnekultursenter

Sparkar i gang barnekultursenter

Måndag vert det avsparkkonferanse for det planlagde barnekultursenteret på Sand.

Forfattar Maria Parr kjem. Språkdirektør Sylfest Lomheim kjem, Olaug Nilssen, Ivar Nygaard, Ketil Kolstad og ei rekkje andre innleiarar kjem og. Til Sand i Suldal. På avsparkkonferanse for Senter for barnekultur.

Mange krefter arbeider no med å etablere eit senter for barnekultur på Sand i Suldal kommune. Det er Rasmus Løland-stiftinga og Ryfylkemuseet som står bak planane om eit nasjonalt senter for barnekultur i Ryfylke, og målet er å få opne i 2011. Saka har fått støtte i Suldal kommune og har også fått ein merknad i statsbudsjettet.

– Me ser for oss at dette skal vere ein base der alle som arbeider med barn og unge kan ause frå. Det handlar om å vere eit ressurssenter for formidling av kultur for barn. Mykje av dette vil naturleg nok vere nettbasert. Me ser ikkje for oss store folkevandringar til Ryfylke. Barnehagar, skular og kulturskular vil vere nære samarbeidspartnarar. Tidleg språkstimulering er viktig for livslang læring og god, tilgjengeleg litteratur er ein føresetnad for å få dette til, har dagleg leiar i Løland – stiftinga tidlegare uttalt om innhaldet i senteret.

LNK er ein av stiftarane bak Rasmus Løland – markeringa.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...