Sjølv om Stord lufthavn, Sørstokken har fått midlar på statsbudsjettet, må flyplassen be kommunen om lån. Er det på tide med nedlegging, spør Demokratene.
– Det er på tide at politikarane spør seg om ein skal ha flyplassen eller ikkje. Eg meiner nei, seier Fredrik Litleskare i Demokratene til NRK. Litleskare seier det var lettare å sjå behovet for flyplassen den gong Stord ikkje var landfast, men etter at trekantsabamndet kom og batt Stord og Bømlo saman med Sveio ser han ikkje behovet lenger.
Både ordførar Liv Kari Eskeland (H) på Stord og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) i Hordaland meiner flyplassen er viktig for kommunen, men Selsvold Nyborg seier det er ønskeleg at flyplassen er lønnsam og tener pengar.
Sist veke søkte Stord lufthavn Stord kommune, som eig flyplassen saman med fylkeskommmunen, om eit lån på 1,3 millionar kroner, trass i at dei same veke fekk løyvingar på 12 millionar kroner over statsbudsjettet. Denne veka fekk dei avslag på lånesøknaden.
Flyplassen på Stord opna i 1985 og har 12 avgangar mellom Stord og Oslo kvar veke.