Heim Nyhende – Språkåret er eit lyspunkt

– Språkåret er eit lyspunkt

Noregs Mållag er godt nøgd med pengane som er løyvd til Språkåret 2013 i det dei kallar eit elles tamt nynorskbudsjett.

 

Språkåret får eit tilskot på 6,5 millionar kroner over statsbudsjettet. Språkåret 2013 skal vere ei nasjonal feiring av språkmangfaldet i Noreg, samtidig som det markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.

– No ligg alt til rette for ei anstendig feiring av både eldre og nyare delar av det norske språkmangfaldet, og det er eit godt høve til å setje søkjelys på språkpolitiske spørsmål, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård.

Øvregård er derimot ikkje like nøgd med tilskotet til andre nynorskinstitusjonar i 2013.

– Norsk Ordbok, Det Norske Teatret, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk pressekontor driv viktige prosjekt som er knytte til jubilea i 2013 og 2014, eller som er viktige for å nå sentrale mål i den statlege språkpolitikken. Eit samla lyft på mange felt ville ha vore det optimale for å nå dei ambisiøse måla, seier Øvregård.

Han meiner det er særleg uheldig at støtta til Norsk Ordbok sviktar i innspurten. – Etter ei tung satsing over fleire år for å kome i hamn til grunnlovsjubileet, er det uforståeleg at Kulturdepartementet no spenner bein under framdrifta for å spare ein halv million, seier mållagsleiaren. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...