Heim Nyhende Språkleg integrering

Språkleg integrering

Tidlegare gav Førde opplæring på begge målformer, men frå 2009 har dei berre hatt nynorsk som undervisningsspråk.

 

– Den største gevinsten er kanskje at deltakarane får lære språket som vert brukt i kommunen dei bur i. For integreringa sin del synest eg det er viktig at dei lærer nynorsk, seier lærar Sonja Loen ved Førde Norsksenter, i ei pressemelding frå CyberBook.
CyberBook er eit forlag som over lengre tid har arbeidd med å utvikle nettbaserte læringsmiddel, òg for framandspråklege som treng nynorskundervisning.

Kunstig med bokmål
– Mange lærarar syntest òg det var kunstig å undervise på bokmål. Dei måtte lage normaliserte former. Lærarane blei gjerne dårlege språklege modellar, meiner Loen.

Overgangen til nettbaserte læremiddel kan vere ei utfordring. Loen meiner dette har forandra seg, og at fleire no bruker nettressursane aktivt.

–    Vi gjer lytteøvingar saman, snakkar om bilete og gjennomgår nytt lærestoff, fortset Loen.
Resultata på dei statlege norskprøvene har ikkje blitt dårlegare, heller betre etter omlegginga.  

– Gloppen er ein nynorskkommune i eit nynorsk kjernedistrikt. Mange av elevane våre har barn i barnehage og grunnskule, og det blir lettare å følgje dei opp med lekser og andre fritidsaktivitetar når alle lærer nynorsk, seier Anne Kristin Myklebust, lærar ved Gloppen opplæringssenter.

Systematisk arbeid
I dei ti åra Gloppen opplæringssenter har brukt NorskPluss, har dei konsekvent gjeve opplæring på nynorsk.

– Vi bruker ca. 80 prosent av klasseromsundervisninga til munnlege aktivitetar med nybegynnarar. Ein typisk skuledag jobbar vi fire timar med klasseromsaktivitetar og to timar på data. Lærarane vekslar på å rettleie deltakarane på datarommet.

Gloppen opplæringssenter bruker nettressursen målretta og systematisk. Nokre deltakarar jobbar med same kapittel fire til fem gonger før dei får gå vidare til neste kapittel. Samtidig skjer mykje av språklæringa utanfor klasserommet.

– Innvandrarane høyrer nynorsk på butikken og i lokalmiljøet. Lokalavisa og distriktsradioen bruker nynorsk. Mange av deltakarane våre kombinerer klasseromsundervisning med språkpraksis i lokale bedrifter, der dei møter eit talemål som er nynorsk. Då er det naturleg at Gloppen opplæringssenter òg nyttar nynorsk i språkopplæringa av vaksne innvandrarar, avsluttar Myklebust.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...