Heim Nyhende Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover.

– Det som overraska mest var nok at så mange aviser synest det er vanskeleg å få tak i journalistar med god nok nynorskkompetanse.

Avdelingsdirektør i Språkrådet Lars Ivar Nordal. | Foto: Oda Hveem

Det skriv avdelingsdirektør i Språkrådet Lars Ivar Nordal til Framtida.no. Nyleg kom Språkrådet med ei undersøking av bruken av dei to skriftspråka i norske redaksjonar.

Halvparten av avisene som er reine nynorskaviser svarar at det i stor grad er ei utfordring å rekruttere journalistar med god nok nynorskkompetanse.

– Det er eit politisk mål å styrke nynorsk, og då må vi utdanne journalistar som skriv god nynorsk. Slik sett er dette eit tydeleg signal til journalistutdanningane om å gi studentane god språkopplæring i både nynorsk og bokmål, uttalar Nordal

Kjenner seg att

Redaktøren i nynorskavisa Kvinnheringen stadfestar at dei har opplevd utfordringar med å rekruttere nynorskjournalistar.

– Rekruttering er generelt ei utfordring for lokalaviser i distrikta for tida, og det er òg vanskeleg å rekruttere folk med nynorskkompetanse, skriv redaktør Mona Grønningen til Framtida.no

Det har likevel stort sett løyst seg godt for dei. Ho trekker fram samarbeid med Nynorsk Avissenter som har gitt dei praktikantar som eit positivt tiltak.

– Vi har per no éin journalist som ikkje opphavleg hadde nynorsk som si målform, og vi har hatt det tidlegare. Det kan tidvis vere litt ekstra språkutfordringar for desse, men vi les korrektur på kvarandre sine saker og har låg terskel for språkfaglege diskusjonar i kvardagen, så dei klarer seg godt, etter mi meining.

«Blanda-avis»

I undersøkinga til Språkrådet, der 135 redaktørar har svart, kjem det fram at litt over halvparten (53 prosent) brukar berre bokmål i det redaksjonelle stoffet. 21 prosent brukar berre nynorsk, medan 24 prosent brukar begge skriftspråka.

Jærbladet, som vekslar mellom bokmål og nynorsk, har ikkje slite med rekruttering av nynorskjournalistar, fortel redaksjonssjef Simon Hobberstad.

– Vi har ikkje hatt det som noko krav, men får ofte inn folk som skriv nynorsk.

Hobberstad meiner dei har ein god miks av nynorsk og bokmål i avisa i dag.

– Det er stort sett journalistens preferanse som avgjer om saka blir skriven på bokmål eller nynorsk, forklarar han.

I jærbladet kan ein lese nynorsk og bokmål om kvarandre. Her er ein skjermdump frå nettavisa 12. mai.

Mest bokmål

Språkrådet si undersøking syner at kva språk som blir brukt der avisene kjem ut, er den viktigaste grunnen til at avisene ikkje brukar nynorsk. Blant avisene som brukar både nynorsk og bokmål, oppgir fleirtalet at mesteparten stoffet er på bokmål.

Ifølgje Wikipedia var Jærbladet frå starten i 1949 ei avis med mykje nynorsk, men etter kvart har det òg kome inn ein del bokmål i avisa.

Redaksjonssjef Hobberstad har ikkje konkrete tal på forholdet mellom bokmål og nynorsk hos dei i dag, men reknar seg fram til at det er om lag 60/40 overvekt bokmål. Det er basert på ei oppteljing av saker frå éi veke.

– Vi har ikkje ein klar strategi eller eit konkret mål for språk. Det hadde kanskje vore meir aktuelt om det hadde blitt veldig mykje nynorsk eller bokmål, men nett no har vi ei fin blanding.

Få utfordringar

– Kva utfordringar møter de som avis med begge målformer?

– Det har vi ikkje hatt dei store utfordringane med. Det må vere at ein journalist som ikkje er like stødig på nynorsken, kanskje må ta over ei nynorsksak på kveldsvakta. Det løyser seg som regel.

Jærbladet får svært få tilbakemeldingar frå lesarar på bruken av to målformer.

– Vi har brukt begge målformer i ganske mange år no. Vi antar at lesarane set pris på at vi framleis har godt med stoff på nynorsk.

Kan kome inn bokmål

Den nynorske lokalavisa Kvinnheringen feira 50 år i fjor og blir gitt ut i Kvinnherad i Vestland.

– Utan å ha snakka med grunnleggjar Kristian Hus om dette, så reknar eg med at å skrive nynorsk i avisa var sjølvsagt frå starten av sidan vi opererer i ein nynorskkommune, og sidan innbyggjarane her både skriv nynorsk og har dialekt tettast opp mot denne målforma, forklarar Kvinnheringen-redaktør Mona Grønningen.

Dei har ikkje nokon utprega språkstrategi, anna enn mål om å tilby lesarane godt, nynorsk språk i innhaldet, med minst mogleg feil. Språk- og skrivefeil kan nemleg gå ut over omdømet deira.

Grønningen opplever ikkje at dei møter store utfordringar som rein nynorskavis.

– Dei eg kjem på er pressemeldingar, offentlege dokument og sakspapir frå ulike instansar som er skrivne på bokmål, og som vi må omsetja til nynorsk. Det kan jo ta tid.

Elles deler dei innimellom saker frå andre Amedia-aviser, og for å spare tid blir ikkje desse omsette til nynorsk.

– Så innimellom finn du bokmål på nettavisa vår, og ein sjeldan gong òg i papiravisa, viss nokon sender oss debattinnlegg på bokmål. Då lar vi målforma vere. Men elles omset vi det vi har tid til.

Framtida.no fann ei sak på bokmål hos Kvinnheringen 12. mai, men det er ei annonsesak. Skjermbilete.

Mindre nynorsk i framtida?

I undersøkinga svarar 21 prosent av avisene som nyttar begge skriftspråk at dei trur dei vil bruke mindre nynorsk om ti år, og ingen trur dei vil bruke meir.

– Korleis ser du for deg utviklinga i Jærbladet?

– Det vil nok henge saman med bruken av nynorsk generelt, og det har andre meir kunnskap om enn meg. Eg forstår skepsisen, men inntrykket mitt er at nynorsken står sterkt her på Jæren, og slik håpar vi at det vil vere også om ti år. 

Heller ikkje Kvinnheringen-redaktøren ser for seg at dei vil skrive mindre nynorsk.

Nordal i Språkrådet meiner dei «språkblanda» avisene speler ei viktig rolle med å vise fram begge dei to norske skriftspråka, og peikar på at dei ofte opererer i område der nynorsken er i ein mindretalsposisjon.

– Eg vil oppfordre redaktørane til å aktivt arbeide for å oppretthalde nynorskandelen i avisa, og motverke ei utvikling der det kan bli mindre bruk av nynorsk i slike aviser.

– Er du uroa for posisjonen til nynorsk i aviser, basert på resultata i undersøkinga? 

– Undersøkinga vår viser at nynorsken står sterkt som mediespråk generelt og særleg som avisspråk. Undersøkinga har gitt oss ny kunnskap om statusen for nynorsk på dette feltet, og det treng vi, slik at alle aktørar på feltet kan ta dei rette grepa for å oppretthalde posisjonen til nynorsk som mediespråk. Det er viktig for nynorskbrukarane, for nynorsken og for norsk språk i stort.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...