Heim Nyhende Språkrådet krev nynorsk på enkelte flyplassar

Språkrådet krev nynorsk på enkelte flyplassar

Flyplassar i regionar der det er flest nynorskkommunar bør bruke nynorsk, meiner Språkrådet.

Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen skriv i eit brev til Noregs Mållag at han ønskjer seg meir nynorsk på norske flyplassar, skriv Bergens Tidende.

– Flesland, Haugesund, Vigra ved Ålesund og Leirin flyplass ved Fagernes bør vere reine nynorskflyplassar. Sola ved Stavanger kan bruke begge målformene, meiner språkdirektøren.

Noregs Mållag har vendt seg til Språkrådet for ei vurdering av korleis målbruken blir praktisert på dei norske flyplassane der nynorsken står sterkt.

Svaret er klart: Avinor bryt sine eigne vedtekter når dei ikkje bruker nynorsk til dømes på Flesland og Karmøy.

Det heiter nemleg i den statlege flyplasseigarens vedtekter for språkbruk at prinsippa i lov om målbruk i offentleg teneste skal følgjast i kunderetta informasjon.

Her meiner språkdirektør Vonen at Avinor ikkje er i tråd med sine eigne vedtekter, som han formulerer det i brevet.

– Dersom det klare rådet frå Språkrådet får gehør, vil altså det offisielle namnet på Flesland bli «Bergen lufthamn Flesland». På same måte vil det heite «Haugesund lufthamn Karmøy» og «Ålesund lufthamn Vigra».

Sola slepp hamskiftet. Fordi flyplassen betener den sørlege delen av Rogaland, der dei fleste kommunane er språknøytrale, bør dei bruke både nynorsk og bokmål, meiner Språkrådet. (©NPK)

Førre artikkelSvar LNK
Neste artikkelNynorske barnebøker blir oversett

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...