Språkrådet reiser til Hallingdal for å møte språkmiljøa og høyre kva språklege utfordringar dei lever med.
Kvart år legg Språdrådet eit av sine møte utanfor Oslo for å treffe språkbrukarmiljøa i kommunane. På møta i Hallingdalen på torsdag og fredag skal Språkrådet treffe kommunetilsette, skulane og lokalavisene. Emna som skal diskuterast spenner frå offentleg målbruk via ny rettskrivingsnorm og redaksjonspråk til døvespråk.
– Språkrådet er til for alle språkbrukarar: offentleg tilsette, næringslivet, kulturlivet og folk flest. For å kunne vere gode rådgjevarar treng vi kunnskap om kva for språklege emne som er viktigast for språkbrukarane, seier språkdirektør Arnfinn M. Vonen på Språkrådet sine heimesider.