Heim Nyhende Startar opp med lesegledarar

Startar opp med lesegledarar

Etter modell frå Lesesenteret i Rogaland startar Nynorsksenteret opp med lesegledarar i Sogn og Fjordane.

Denne hausten vonar dei at ei gruppe på 10-15 bibliotekarar og lærarar melder seg på. Målet er å auke leselysta blant barn og unge.

Ansvarleg for det nye prosjektet og formidlar ved Nynorsksenteret Janne Karin Støylen meiner at dei absolutt har ein jobb å gjere.

– PISA-undersøkingar syner at me har mindre motiverte lesarar her i landet enn i andre land. Dei les ikkje på fritida fordi dei har lyst, det er noko dei driv med når dei må. Jentene les litt meir, men jamt over les våre ungdommar mindre enn andre, seier Støylen.

Ho trur at kvinnelege formidlarar kan gjere ein god jobb med å formidle god litteratur til både gutar og jenter, men at det er viktig at gutar ser menn som les.  

– Heldigvis er det mange menn som skriv for denne målgruppa, meiner formidlaren, som ikkje har reflektert over korleis dei skal rekruttere menn til prosjektet.

LES OGSÅ: Vil sjå fleire lesande menn

– Gutane taper noko
Ein av mennene som skriv litteratur som treff unge gutar er Tor Arve Røssland.

Spesielt etter spenningsboka «Gamer» har han fått mange tilbakemeldingar frå gutar som ikkje har lese noko særleg tidlegare.

– Gutar les nok mindre enn jenter, slik eg oppfattar det når eg er ute i skulane. Det er lettare for at dei les ein teikneserie eller ei fotballbok, enn dei store romanane. Det kan ha noko med at dei er meir rastlause enn jentene, trur forfattaren, som sjølv er far til to gutar og ei jente.

Han peikar på at gutar gjerne les på andre plattformer, som via spel, men at det ikkje vert heilt den same som roen som ved å lese ei bok.

– Det er klart gutane taper noko når dei ikkje les. Dei får mellom anna ei dårlegare språkforståing, seier Røssland, som trur at det å sjå at førebilete les kan ha ein positiv effekt.

Men viktigast av alt er det at dei unge får tilgang på litteratur dei likar, strekar forfattaren under.

Nokre gonger kjem det skikkeleg oppløftande nyheiter, som får unge til å sluke bøker. Harry Potter-bøkene er døme på eit slik fenomen, som appellerte til både gutar og jenter. Då er tilgangen viktig.

– Budsjetta på skulebiblioteka må opp. Det hadde vore fantastisk om det kunne vorte ei innkjøpsordning for skulebiblioteka, slik at ein kunne sette det nyaste øvst, meiner forfattaren.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...