Heim Nyhende Brei, men avventande støtte til lærarløftet

Brei, men avventande støtte til lærarløftet

Skjerpa krav kan gi lærarane eit etterlengta løft i status og omdømme, men ein risikerer også at rekrutteringa fell, meiner prodekan Finn Aarsæther.

Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterte strategien lærarløftet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Regjeringa får brei støtte til utdanningspakken som statsminister Erna Solberg (H) og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) la fram tysdag.

Mykje var kjent allereie. Sentrale tiltak er femårig masterutdanning og krav om karakteren 4 i matematikk for å kome inn på studiet. Lærarar som alt er i jobb, skal ha fordjuping i faget når dei underviser i norsk, engelsk og matematikk. Og det blir innført rett og plikt til etter- og vidareutdanning.

Tiltaka er ønskt velkomne hos dei andre stortingspartia, i lærarorganisasjonen og i fagmiljøet. Men mange meiner strategien på langt nær svarer på dei utfordringane som norsk skule slit med.– Ikkje logisk

– På sikt kan nok dette føre til at omdømmet og lærarstatusen blir styrkt, seier prodekan Finn Aarsæther ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Han viser til at det i Finland er elleve søkjarar per studieplass, medan det i Noreg er langt frå kamp om plassane. Frå 2016 må søkjarar ha minst 4 i matematikk.

– Karakterkravet gir eit meir realistisk bilde av kva studenten er forventa å jobbe med i lærarutdanninga. Det kan gi større moglegheit for at fleire vil klare studiet, seier Aarsæther. Han synest likevel det høyrest ut som «ein raritet» at alle må ha gode matematikkunnskapar, same kva dei skal undervise i.

Regjeringa går inn for ein noko dristig strategi, meiner professor Kaare Skagen ved same høgskule.

– Det kan føre til at ein får litt færre søkjarar. Men tanken er jo å gjere læraryrket meir attraktivt, og eg trur det er verdt eit forsøk, seier han.

Skeptisk

Utdanningsforbundet er ikkje overbevist om at planen vil løyse problema med rekrutteringa.

– Det er nødvendig med ei betre lønnsutvikling, og ikkje minst at lærarar får vere lærarar. Under streiken såg vi ei tillitskrise og at lærarane krev profesjonelt handlingsrom, seier forbundsleiar Ragnhild Lied til NTB.

Det blir avgjerande korleis kommunane følgjer opp signala frå regjeringa, meiner ho.

– Det er nettopp dette som frustrerer lærarane. Det blir skapt forventningar nasjonalt, når statsministeren og kunnskapsministeren snakkar i lovande vendingar. Men kommunane skal følgje opp, og det er ofte der det sviktar, seier ho.

Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet kallar skjerpa karakterkrav ei billig politisk løysing på meir komplekse problem.

– Vi meiner finansieringssystemet er til hinder for kvalitet i utdanningane, då institusjonane tener på studentgjennomstrøyming, og taper studiepoengfinansiering dersom dei stryk dei som ikkje held høgt nok nivå, seier leiar Marie Furulund.

Støtte på Stortinget

Det er brei politisk støtte for tiltaka regjeringa går inn for, og reaksjonane går i retning av at regjeringa ikkje gjer nok.

– Eg hadde forventa tiltak mot byråkrati og rapporteringskrav, tydelegare mål for støttefunksjonar for lærarane og standardar for lærartettleik, seier utdanningspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Trond Giske.

Venstre saknar ein plan for å rekruttere fleire lærarar frå andre yrke, spesielt ingeniørar og økonomar. Dei vil også ha fleire helsesøstrer og kontorstøttefunksjonar, medan KrF meiner hovudutfordringa er å sørgje for at lærarane har romslege nok rammer til å følgje opp elevane. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...