Heim Nyhende – Staten bruker meir nynorsk enn før

– Staten bruker meir nynorsk enn før

Både departementa og resten av statsforvaltinga brukte meir nynorsk utover 2000-talet.

 

I fjor var 28 prosent av alle stortingsdokument på nynorsk. Det er ei dobling sidan år 2000, då berre 13 prosent av stortingsdokumenta kom på nynorsk, ifølgje Ottar Grepstad.

I 20 år har han arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015».

Kvar dag i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no. I dag kan du læra meir om statleg språkbruk.

LES OGSÅ: Bryt mållova : Skriv for mykje nynorsk

Uviss målform
Både nynorsk- og bokmålsbrukarar har krav på å få offentlege skjema på eiga målform, uavhengig av kvar i landet dei bur og kva tenestemål kommunen har.

I år 2000 var berre litt over halvparten av offentlege skjema tilgjengelege på begge målformer.  I 2013 vart delen auka til 78 prosent.

Prosentdelen av nynorskkommunar har halde seg stabil sidan 1970-talet. Per dags dato har 113 av 428 kommunar nynorsk som tenestemål. 158 har bokmål og 157 er språknøytrale.

«Der finst også kommunar der leiinga ikkje veit om dei er nynorskkommune eller ikkje,» skriv Grepstad.

Om lag fire av ti nynorskkommunar var misnøgde med den statlege oppfølginga av lov om målbruk i offentleg teneste av 1980, då dei vart spurde i 1981, 2006 og 2011. Likevel var det knapt nokon av kommunane som følgde opp med klage.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...