Fattige kommunar har større sjukefråvær enn andre, viser ei kartlegging frå SINTEF.
Dette er ikkje minst synleg innan helse og omsorg, og til ein viss grad i grunnskulen.
– At samanhengen er svakare for tilsette i skulen, kan skuldast at det i større grad finst nasjonale standarar for bemanning i undervisningssektoren. I pleie – og omsorg finst det ikkje standarar som set grenser for kor mykje ein kommune kan kutte i bemanninga, seier prosjektleiar Solveig Osborg Ose ved SINTEF teknologi og samfunn i ei pressemelding.