For andre året på rad må løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) bergast i budsjettforhandlingane i Stortinget.
Regjeringa strauk i framlegget til statsbudsjett for 2015 løyvinga på 1,1 millionar kroner til organisasjonen, som har godt over 100 nynorskkommunar som medlemmer. Den gongen vart likevel Frp, Høgre, KrF og Venstre einige om å få på plass løyvinga igjen i budsjettbehandlinga i kommunal- og forvaltingskomiteen.
Likevel fann ikkje Høgre/Frp-regjeringa plass til LNK i framlegget til statsbudsjett for 2016.
Venstre-forslag
No kjem Venstre budsjettforhandlingane i forkjøpet og foreslår å auke løyvinga til LNK til 1,2 millionar kroner i det alternative budsjettframlegget sitt, som partiet legg fram måndag.
– Det er vel ganske opplagt kva vi synest når vi legg dette på plass i det alternative budsjettet vårt, seier Venstres representant i kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget, André Nikolai Skjelstad.
– Dette handlar om viktig identitetsskaping for dei mange som har nynorsk som målform. Og det handlar også om mange små kommunar rundt om i landet, særleg på Vestlandet. Så dette har vore høgt prioritert for oss, seier Skjelstad til Nynorsk pressekontor.
Frp: – Ingen dramatikk
Leiaren i kommunal- og forvaltingskomiteen, Helge André Njåstad (Frp), meiner at det ikkje er nokon dramatikk i dette, og ser ingen grunn til at ikkje LNK-løyvinga skal komme på plass i komitébehandlinga som i fjor.
– Posten med skjønnsmidlar som vi brukte i fjor, er der i år også, så eg vil anta at dei fire samarbeidspartia legg på same føringa til regjeringa som i fjor. Eg har hatt dialog med departementet om det, og dei er tilfredse med ei slik løysing. Dette ordnar seg, seier Njåstad.
I Venstre er dei ikkje like tilfredse med denne ordninga, og Skjelstad meiner regjeringa burde ha hatt dette på plass i budsjettframlegget.
– Det er ein naturleg del av budsjettet og burde ha lege på plass før. Dette er for viktig til at vi skal halde på å skusle med det kvart år, seier han.
Håper på fast løyving
Dagleg leiar Vidar Høviskeland i LNK er glad for signala om at statsstøtta mest truleg kjem på plass i år òg, men seier at organisasjonen nok hadde rekna med at løyvinga no skulle vere fast på budsjettet.
– Så snart løyvinga er på plass, kjem vi enda ein gong til å be om eit møte med den politiske leiinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å drøfte korleis vi kan sleppe denne runddansen kvart år og komme fast inn på budsjettet. Eg har òg tru på at når Stortinget no for andre gong tar denne løyvinga inn i budsjettet, vil det vera lettare å argumentera for at dette i framtida må gjerast i departementet, seier Høviskeland. (©NPK)