Heim Nyhende – Ta tak i tekstane – bli ein klarspråkskommune!

– Ta tak i tekstane – bli ein klarspråkskommune!

Ved hjelp av klarspråk kan kommunane effektivisere arbeidet og spare både tid og pengar. No tilbyr KS kurs i klarspråk – og på sikt blir det endå meir.

 

– På dette kurset lærer du kva klarspråk er, korleis du praktiserer det, og kva som skal til for å komme i gang med klarspråk, fortel Anna Holm Vågsland i KS.

Kurset passar for rådmenn, leiarar, kommunikasjonsmedarbeidarar, fagpersonar og andre som er motiverte for å komme i gang med klarspråksarbeid.

– Demokratisk problem som kostar

Ein av tre forstår ikkje innhaldet i offentleg informasjon, viste ei befolkningsundersøking gjennomført i regi av Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet i 2009. Det er eit demokratisk problem, men det er også eit økonomisk problem. Dårleg språk kostar staten forsiktig rekna 300 millionar kroner i året. Det er grunn til å tru at det også kostar kommunane dyrt.

Fleire kommunar har allereie gode erfaringar med at klarspråksarbeid gir gode gevinstar:
Skedsmo kommune har spart fem veker på prosessen knytt til tildeling av ny omsorgsbustad på grunn av klarspråksprosjektet i kommunen. Den språklege gjennomgangen avdekte eit behov også for å endre saksbehandlingsrutinane. Innanfor skuleområdet i kommunen enda klarspråksarbeidet med at to juridisk tunge brev om skoleplass blei bytte ut med eitt hyggjeleg velkomstbrev – til nytte og glede for både kommunen og innbyggjarane.

Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune har i sitt klarspråksprosjekt mellom anna revidert alle breva som Kundesenteret sender ut. Dei fortel no at mens kvar kundebehandlar tidlegare fekk 3–5 førespurnader per dag, får dei no 3–5 førespurnader per veke.

Stavanger kommune har brukartesta ein del av tekstane sine ved å be innbyggjarane om tilbakemelding på gammal og ny versjon av ein del standardbrev. Kommunen djupintervjua både framandspråklege og etnisk norske. Undersøkingane viste at 100 % av respondentane synest dei nye, omarbeidde versjonane er betydeleg enklare å forstå.

Både Vegvesenet og Lånekassen rapporterer om ein betydeleg nedgang i talet på telefonførespurnader etter at dei har arbeidd med tekstane sine. Eit enklare språk bidrog til å redusere talet på telefonførespurnader ned til ein tredjedel hos Lånekassen. Vegvesenet opplevde at dei fekk 40 prosent færre telefonførespurnader om EU-kontroll etter at dei tok i bruk eit nytt brev på området. Vegvesenet har også spart 1,2 millionar kr berre i porto og papir på klarare versjonar av to andre brev.

KS` storsatsing på klarspråk i kommunesektoren begynner med dette tilbodet om å heve kompetansen gjennom regionale grunnkurs. I løpet av to intensive dagar i Bergen 9. og 10. desember skal kursdeltakarane bli tryggare på klarspråk som fagfelt og få eit bilete av korleis kommunen kan organisere eit vellykka klarspråksprosjekt.

Fristen for å melda seg på er 9. november. Les meir om kurset her!

I tillegg til kurset i klarspråk, vil KS byggja ein nasjonal base for delbare tekstar, det skal lagast ei digital oversikt over kommunalt språkarbeid og det blir gjeve prosjektstøtte til klarspråkarbeid i kommunar og fylkeskommunar.

Les meir her!

SJÅ MEIR OM KLARSPRÅK PÅ KLARSPRÅK.NO!

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...