Heim Nyhende Stortinget må ta styringa over fylkesnamna

Stortinget må ta styringa over fylkesnamna

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.

– Regjeringa viser til at ein kan lata vera å senda saker på høyring når det er klart at det ikkje er naudsynt, og viser til at ingen protesterte på manglande høyring om namna «Agder» og «Trøndelag». Dei namna var svært opplagde, men det har lenge vore klart at fleire andre fylkesnamn er svært omdiskuterte og difor utan tvil er omfatta av kravet om å bli sendt på høyring, seier Magne Aasbrenn, attvald som leiar i Noregs Mållag.

Regjeringa kom 6. april med framlegg til nye fylkesnamn, og saka ligg no i Stortinget. I strid med namnefaglege råd og trass i stor folkeleg motstand har regjeringa gått inn for namna «Vestland», «Innlandet» og «Viken». Noregs Mållag reagerer sterkt både på desse framlegga og på sakshandsaminga.

Regjeringa har brote utgreiingsinstruksen ved ikkje å senda saka på høyring, og regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnige organ i namnesaker, Språkrådet. Dette føyer seg inn i ei rekkje av saker der regjeringa har sett vekk frå råda til Språkrådet, som i fleire kommunenamn og OsloMet. Heller ikkje dei nye fylka har hatt forsvarlege faglege prosessar før vedtaka om nye fylkesnamn. Tvert om er namnevala resultat av politiske kompromiss, med «Vestland» som det verste dømet.

– Då dagens fylkesnamn vart vedtekne i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein omfattande høyringsrunde og ein grundig politisk prosess. Det er ei gåte for Noregs Mållag at styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018, seier Magne Aasbrenn, som har eit samrøystes landsmøte bak seg.

Valet av fylkesnamn har store konsekvensar. Namna er ikkje berre namn på fylkeskommunar, men er inndelingsnamn som går inn i allmenn språkbruk og som kan bli ståande i fleire hundre år. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner difor det er særs viktig at Stortinget no tek styringa over prosessen og syter for ei forsvarleg sakshandsaming.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...