Fylkesmannen i Troms aukar skjønnsmidlane til språkdeling i skulen i Målselv.
– Me går ut frå at me etter dette unngår samanslåing av språkdelte klassar på grunn av dårleg kommuneøkonomi, seier leiar i Målselv Mållag, Bodil Vinjevoll til Noregs Mållag.
Skjønnsmidlar til språdeling i skulen i Målselv auka frå 100 000 til 400 000 kroner. Kommunen er den einaste i Troms som har språkdeling mellom nynorsk og bokmål. Det var mållaget som tok kontakt med kommmunen og opplyste om at Fylkesmannen i Rogaland tildelte langt høgare summar til språkdeling per klasse. Målselv kommune tok deretter kontakt med Fylkesmannen i Troms.
– Språkdeling er ein rett foreldre og barn har. Dei har rett til å velgje den språkforma dei meiner er best. Reglane er greie, så retten må me oppfylle uansett om me får pengar eller ei, seier skulefagleg rådgjevar Erik Myre i kommunen til Nye Troms.