Heim Nyhende Suksess med Nynorske lesefrø

Suksess med Nynorske lesefrø

Kjøper oftare bøker på nynorsk, syng oftare på nynorsk, les oftare og fleire låner ut bøker til heimane.

Barnehagar som har vore med i prosjektet Nynorske lesefrø har kjøpt fleire bøker enn andre nynorske barnehagar, og leseaktiviteten er jamt over høgare i desse barnehagane. Det viser resultata frå Barnehageundersøkinga til Pirion.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Barnehagar som deltek i prosjekt aukar leseaktiviteten sin. Dette samsvarer også med forsking som seier at deltaking i leseprosjekt fører til meir lesing og auka bevisstheit om bruk av litteratur, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein (bildet) ved Nynorsksenteret i ein epost til Pirion.

Camilla Brusdal, styrar i Skodje barnehage, er samd.

– Me er blitt meir medvitne på å prioritera å kjøpa inn dei gode bøkene på nynorsk, slik at dei er tilgjengeleg i barnehagane og for heimlån, understrekar ho.

LES OGSÅ: Nynorske barnehagar syng og les mest på bok

Meir song og fleire bøker

Nynorske lesefrø har som mål å auka tilgangen på nynorsk litteratur i barnehagen som utgangspunkt for lesestunder og gode leseopplevingar for borna.

Barnehagane i Sula, Herøy og Jølster var først ut med Nynorske lesefrø. Frå 2015 starta Nynorske lesefrø opp i Ål, Lindås, Gaular, Skodje og Finnøy kommune.

Nynorske lesefrø-barnehagar syng oftare songar på nynorsk enn andre barnehagar. Dessutan syng ein tredjedel av alle nynorskbarnehagar på dialekt fleire gongar kvar dag.

62,5 prosent av Nynorske lesefrø-barnehagar har utlån av bøker til heimane. Det er nesten dobbelt så mykje som dei andre barnehagane som er spurt.

728 barnehagar i nynorskkommunar og språkdelte kommunar blei spurt, og styrarane i 258 barnehagar svarte i spørjeundersøkinga.

Les reportasje frå Nynorske lesefrø-barnehagen på Talgje!

Planar vidare

Skodje bibliotek og alle barnehagane i Skodje har hatt eit samarbeid med Nynorsksenteret i Volda om prosjektet Nynorske lesefrø.

Siste veke hadde dei eit oppsummeringsmøte for prosjektet der dei la planar for vegen vidare.

– Me var samde om at det har vore eit veldig positivt prosjekt og eit godt samarbeid med Nynorsksenteret, seier Camilla Brusdal.

Mellom anna vil dei ta med seg skulestartfesten på Skodje bibliotek og god kontakt mellom foreldre, bibliotek, barnehagar og skular om lesing på nynorsk.

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord (H), seier det er eit kjempeviktig arbeid å ta vare på nynorsken i kommunen.

– Eg er stolt av det biblioteket og barnehagane i kommunen får til, seier han.

Tennfjord er glad for at når Skodje blir ein del av ein større Ålesund kommune, så er det nynorsk som er språket for storkommunen.

Les artikkel om skulestartfesten i Skodje!

Faktaboks Nynorske lesefrø:

Ønskjer å auka tilgangen på nynorsk litteratur i barnehagen.

Samarbeid mellom barnehagar og folkebibliotek.

Vil leggja til rette for språkstimulering på nynorsk.

Vil løfta fram nynorsk barnelitteratur og korleis ein kan bruke han i arbeid med språkstimulering.

8 kommunar har delteke.

Prosjektet varer i 1,5 år.

Finnøy er ein av pilotkommunane.

Gratis ressursar og tips kjem på nettet våren 2017.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...