Det nynorske tidsskriftet Syn og Segn er kåra til Årets nordiske tidsskrift 2010.
Ein uavhengig fagjury har stått for kåringa, og redaktør Bente Riise mottok prisen på bokmessa i Helsinki 29. oktober. I grunngjevinga til juryen heiter det at Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift i ordets beste forstand. Vidare blir det halde fram at bladet inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar og at tidsskriftet har stor breidd både i sjanger og tema.
Syng og Segn var nominerte saman med Basso (Finland), Maskinfabrikken (Danmark), og Ponton (Sverige).
Det er andre året denne prisen blir delt ut, og andre året vinnaren er norsk. I fjor var det Vinduet frå Noreg som vann den nyetablerte prisen.