Heim Nyhende Vekk med tre av fire

Vekk med tre av fire

Gjermund Hagesæther (Frp) føreslår å redusere talet på kommunar i Hordaland frå 33 til 8.

Stortingspolitikaren skisserer overfor NRK mellom anna ein stor Nordhordland-kommune samansett av Meland, Fedje, Austrheim, Masfjorden, Radøy, Modalen og Lindås. I sør meiner han Austevoll og Tysnes bør slå seg saman.

Ordførar i Austevoll, Helge Andre Njåstad (Frp), er ikkje berre positiv til utspelet frå Hagesæter. Både han og kollega Terje Søviknes (Frp) i Os meiner det blir feil å byrje prosessen med å trekke opp kommunegrenser, og seier at eit slikt initiativ ikkje bør kome frå Oslo.

– Innbyggjarane vil at lokalpolitikarane skal ta tak. Dette greier vi å løyse lokalt viss vi får det rette insitamentet, seier Njåstad til NRK.

Ordføraren i Nordhordlands-kommunen Radøy er positiv til ein ny storkommune, men då må kommunen byggast frå botnen av. Det kan du lese meir om i LNK-avisa som kjem denne veka.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...