Som første teater i landet har Den Nationale Scene (DNS) i Bergen investert i eigne tekstdisplay som skal hjelpe høyrselshemma å få med seg det som skjer på scena.
Ved hjelp av ein boks med tekstdisplay skal publikum kunne følgje med på kva som går føre seg på scena. Systemet fungerer slik at kvar enkelt gjest får med seg boksen inn i teatersalen.
– Dette er eit svenskbasert system som fungerer nesten på same måte som teksting på tv, seier Ole Klemsdal, informasjonssjef ved DNS til NRK Hordaland.
Førebels er det planlagt at tre produksjonar Mascarade, Familie og Blodig Alvor skal setjast opp med teksting på fleire av framsyningane. (©NPK)