Heim Nyhende Teater Vestland klare for storpremiere

Teater Vestland klare for storpremiere

31. oktober er det er duka for storpremiere på Teater Vestland. Stykket heiter «Frakt under havet», er skrive av Arthur Miller, og tek oss med 70 år tilbake i tid.

Handlinga i «Frakt under havet» går føre seg blant italienske immigrantar i Brooklyn i New York på 1950-talet, og fortel om det å vere ny i eit land. Noko som er like aktuelt i dag.

På 1950-talet var den frie immigrasjonen til Amerika stogga, men nauda i Italia dreiv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn.

– Dei illegale immigrantane vart kalla «submarines», altså undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, «Frakt under havet», seier teatersjef Bodil Kvamme i ei pressemelding.

– Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye, held ho fram.

– Vi gler oss enormt til å møte publikum, seier teatersjef i Teater Vestland, Bodil Kvamme. Det er første gong på fem månader at teateret skal møte eit levande publikum frå scena. Kvamme presiserer at dei følger alle smittevernreglar under turneen. Foto: Espen Nyttingnes

Kjærleiksdrama

I stykket møter vi familien Carbone, som bur i eit italiensk område i Brooklyn. Når dei går med på å huse to illegale immigrantar frå heime i Italia, blir niesa i huset stormforelska i den eine immigranten, Rodolpho. Dette likar onkelen hennar dårleg. Han endar med å prøve å drepe Rodolpho, og overbeskyttar niesa.

Stykket er basert på ei sann historie, er rekna som ein av dei store klassikarane og vart skrive av Arthur Miller med originaltittelen «A view from the bridge».

Opptatt av kva det vil seie å vere framand

Teateret har henta inn Bentein Baardson som regissør på stykket. Han er sjølv innvandrar, men har reist motsett veg.

– Eg er fødd i Brooklyn i det norske innvandrarmiljøet, og då eg kom til Noreg som barn, opplevde eg at det ikkje berre var språket som var forskjellig, men tenkinga også. Sidan har eg alltid vore opptatt av kva det vil seie å vere framand i ein ny kultur, seier regissøren. I tillegg til regien på «Frakt under havet», er han òg aktuell med framsyninga «Slåttekar i himmelen» om dei som utvandra frå Norge til Amerika.

Det er fjerde gong han har regi på «Frakt under havet», og tidlegare har han tatt med seg familien Carbone til Stavanger og Oslo.

– Eg har vore gripen av dette stykket heilt sidan eg blei kjent med det mot slutten av 1960-talet, seier Baardson i pressemeldinga.

Reidun Melvær Berge speler niesa som blir stormforelska i den eine av immigrantane frå Italia. Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland

Dei store klassikarane, på nynorsk

På scena står sju skodespelarar og tre statistar. Kyrre Eikås Ottersen har rolla som Eddie, Idun Losnegård speler kona Beatrice, og Reidun Melvær Berge speler niesa Catherine. Stykket er omsett av Ola E. Bø, og Krystian Myska står for lyssettinga.

– Eg håper spesielt at menn vil komme og sjå stykket. Det er masse ein kan kjenne seg igjen i og ein sjanse til å sjå mannsrolla utanfrå, seier skodespelar Kyrre Eikås Ottersen.

Teatersjef Kvamme, som òg er dramaturg på stykket, synest det er viktig at publikummet hennar får oppleve dei største klassikarane, og det på nynorsk.

– «Frakt under havet» tar opp dagsaktuell tematikk som generasjonsmotsetningar, kulturkonfliktar, æresdrap, illegal innvandring og to unge menneske sin forbodne kjærleik, seier teatersjef Bodil Kvamme.

Speleplan:
31.10 Førde – premiere, 1.11 Førde, 5.11 Sogndal – turnépremiere, 6.11 Sogndal, 10.11 Os, 12.11 Etne, 14.11 Stord, 18.11 Florø, 21.11 Åsane, 25.11 Sandane, 28.11 Førde, 29.11 Førde

(©NPK)

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...