Det er mykje tene på å slå saman Ryfylke-kommunane, viser ein rapport frå Telemarksforskning.
Denne veka går Arena Ryfylke av stabelen i Suldal. 130 kommunetoppar er samla for å diskutere ei mogleg kommunesamanslåing.
Bent Aslak Brandtzæg i Telemarksforskning har sett på om det er noko å tene på å slå dei seks kommunane Strand, Forsand, Hjelmeland, Finnøy, Suldal og Sauda saman.
Rapporten hans viser til dømes at sidan fire av desse kommunane er kraftkommunar vil inntektene til ein regionkommune bli større enn kommunane får kvar for seg, skriv Kommunal Rapport.
I dag går ein større del av denne konsesjonskrafta til fylkeskommunen.
Les rapporten her.