Heim Nyhende Vil ha meir politisk styring i helseføretaka

Vil ha meir politisk styring i helseføretaka

– Alle vil ha meir politisk styring i dei regionale helseføretaka, seier helsepolitisk talskvinne i KrF, Laila Dåvøy.

– Me i KrF tykkjer det har vorte for mykje butikk og for lite politikk, sa helsepolitisk talskvinne i KrF Laila Dåvøy då ho innleidde på eit seminar om føretaksmodellen måndag.

Seminaret handla mellom anna om å ta tilbake den folkevalde styringa av dei regionale helseføretaka og forbetre den lokale og regionale forankringa. Regjering og storting skal vurdere føretaksmodellen i samband med nasjonal helse- og omsorgsplan, som blir lagt fram i vår.

Dåvøy er klar på kva KrF går inn for:

– Me vil ha bort dei regionale helseføretaka, og så vil me politisere lokalsjukehusa på ein heilt annan måte. Dette kan skje ved å få inn fleire politikarar i styra, at fleire av avgjerslene blir tekne av politikarar. Men viktigast er at me får ei nasjonal styring slik at me veit kva som skal skje, seier Dåvøy.

Ho viser til Nasjonal transportplan.

– Kvar vegstubb blir behandla. Nokon blir sure over avgjerslene, andre blide. Men felles er at dei veit kva som skjer dei neste åra. Slik kan me ha det med sjukehusa også, meiner Dåvøy.

Senterpartiet bundne
Senterpartiet har vore i mot føretaksmodellen sidan innføringa i 2002, men er bundne i regjering. Helsepolitisk talskvinne Kjersti Toppe ser ei langsiktig og ei kortsiktig løysing.

– Me ønskjer å ta sjukehusa tilbake til eit regionalt folkevalt nivå, men held oss til Soria Moria i regjering. Men etter 2013 kjem me til å arbeide for vårt eige syn. Me vil leggje om i tråd med det som mellom anna har skjedd i Irland, Skottland og New Zealand. Der har dei gått bort ifrå føretaksmodellen og marknadstankegangen. Det offentlege har teke styringa, seier Toppe.

– På kort sikt trur eg at det er mogleg å forbetre føretaksmodellen i samband med behandlinga av nasjonal helse- og omsorgsplan. Me må få inn tiltak som styrkjer den politiske styringa, og den nye planen må bli meir detaljert. Me må inn med ein sjukehusplan, og setje ein minstestandard for kva eit lokalsjukehus skal innehalde.

– I tillegg må Stortinget presisere kva avgjersler helseføretaka kan ta på eiga hand. Større avgjersler, som vedtak om nedlegging av akutt- og fødetilbod, skal takast av departementet. Det vedtok Stortinget i førre runde også, men i praksis har ikkje dette fungert, seier Toppe.

SV og AP for endring
SV vil også kvitte seg med føretaksmodellen og ser helst at sjukehusa blir styrt frå eit regionalt folkevalt nivå

– I partiprogrammet står det at SV vil ha ei reform som sikrar folkevalt styring av helsevesenet, seier helsepolitisk talsmann i SV Geir-Ketil Hansen.

Men SV meiner likevel at dagens føretaksmodell kan endrast slik at den sikrar betre politisk styring.

I Arbeidarpartiet vil dei framleis arbeide for å utbetre dagens føretaksmodell. Denne modellen har vore ei suksesshistorie, meiner helsepolitisk talsmann i Ap, Tore Hagebakke.

– Det viktigaste er å ha ei prima helseteneste. Føretaksmodellen har gitt gode resultat og styrkt samarbeidet over fylkesgrensene. Eg vil hevde at modellen gir mykje større rom for politisk styring. I prinsippet kan statsråden gå inn og styre kva ho vil, sa Hagebakke. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...