Treng du tips til godt, nynorsk lesestoff? Her bøkene som har fått best omtale av bokmeldarane til Framtida.no det siste året.
Saknar du tips til gode bøker i sommarvarmen? Me har plukka ut bøkene som har fått mest skryt av bokmeldarane våre det siste året. På lista finn du spennande, fantastiske og litt romantiske romanar, vakre og intense diktsamlingar og ein blodig grafisk roman.
Skriv i sanden
Marjun Syderbø Kjelnæs, Samlaget 2014
Skriv i sanden handlar om ti ungdommar frå Tórshavn på Færøyane og deira opplevingar i løpet av ei helg. Boka tek opp tema som sex, fyll, religion og homoseksualitet, og oppsummerer ungdomsliv over alt. «Eg anbefaler Skriv i sanden til alle som er – eller ein gong har vore – ungdommar», skreiv Sara Myhren Kornberg og gav boka terningkast seks. Les meir her!
LES OGSÅ: Deler boktips med #lesesumar
Statsminister-boka
Einar Økland, Samlaget 2014
Einar Økland gjev eit morosamt innblikk i hovudet på ein statsminister i Statsminister-boka, og minner oss om at sjølv statsministrar kan ta fullstendig feil. «Ei skikkeleg kultbok for alle med sans underfundig, øklandsk humor og obligatorisk lesnad for små og store born med ein statsminister i magen», skriv Svein Olav B. Langåker. Les meir her!
LES OGSÅ: Det sensible språket – om makt og poesi
Der vi gøymer løyndommar
Charlotte Riise, Gyldendal 2014
«Dei beste av dikta i Der vi gøymer løyndommar rommar utruleg vakre bilete. Samlinga som heile antydar og fortel forsiktig og subtilt. Eg vil seie det til alle: les dikta til Charlotte Riise!», skriv Hjørdis-Linnea Myhre. Les meir!
Kvitt
Laura Djupvik, Kolon forlag 2013
«Kvitt skildrar på levande vis kor jævlig det kan vere å vere nett sytten – jævlig deilig, jævlig intenst, jævlig utmattande, jævlig irriterande», skriv Kristina Leganger Iversen. Les meir om boka her!
Flukt
Atle Hansen, Samlaget, 2013
«Atle Hansen ber oss inn eit farleg og spanande leseunivers. Det tome huset under fjellet er ikkje tomt lenger. Kva har skjedd og kven har flytta inn? Boka passar best for ungdommar frå 12 år og oppover», skriv Judith Sørhus Litlehamar. Les meir!
LES OGSÅ: Ragnar Hovland: – Kom deg ut!
Så vakker du er
Brynjulf Jung Tjønn, Cappelen Damm 2013
«Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Tjønns prosa er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og òg dei tabubelagte og kanskje urettferdige kjenslene som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne», skriv Janne Karin Støylen. Les meir om boka her!
Songfuglen
Jan Roar Leikvoll, Samlaget 2013
I Songfuglen orienterer Leikvoll seg vidare i den same mørke tematikken han har blitt prisa for før, men no er draumen og håpet om eit anna liv, vesentlege drifter. «Resultatet er ein fortryllande roman som framleis er full av hemmelegheiter», skriv Akef Khateeb Ahmed. Les meir her!
Rekrutten
Robert Muchamore Aggs Edginton, Samlaget 2012
James flyttar inn på ein skule etter ei uventa hending. Han kjem i kontakt med CHERUB som brukar foreldrelause barn som spionar til å avsløre kriminelle terroristar. «For dei som likar å lese krim og dei som likar bøker med mykje spenning, slåssing og blod», skriv Gaute Sæbø om denne grafiske romanen frå den bestseljande forfattaren. Les meir!
LES OGSÅ: Fleire vil bli nynorskpraktikant
Landet under isen – Dødeboka
Lars Mæhle, Samlaget 2014
Førsteboka Landet under isen vann både Uprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Fabelprisen. I vår kom den spennande oppfølgjaren. «Lars Mæhle klarer å skape eit fantasy-univers som fungerer, det er ein kunst å skifte mellom ulike historier og landskap som han gjer i denne ungdomsboka», skriv Judith Sørhus Litlehamar. Les meir om boka her!
Saiko
Linn T. Sunne, Samlaget 2011
Saiko er ein thriller for ungdom frå eit bygdemiljø som mange kan kjenne seg igjen i. «Eg likte denne boka godt. Handlinga var truverdig, men samtidig annleis enn kva eg hadde forventa. Konfliktane mellom personane held liv i handlinga og gjer at du vil lese vidare», skriv Håvard Høgi Nes. Les meir!
Viss du er ein ungdom som er mellom 14-16 år som likar romantikk og spenning så passar denne boka perfekt for deg, skriv Bertine Waage Horn. Les meir!