Heim Nyhende Tilsette sjukmelde seg sjølv – sjukefråværet gjekk ned

Tilsette sjukmelde seg sjølv – sjukefråværet gjekk ned

Eigenmeldingsrett i inntil eitt år for tilsette i Mandal og tett oppfølging av den sjukmelde, førte til at sjukefråværet gjekk ned i kommunen.

 

Sjukefråværet for tilsette i Mandal kommune har vorte 25 prosent lågare samanlikna med 29 liknande kommunar som følgje av at tilsette sidan 2008 har fått sjukmelde seg sjølv og har fått tett oppfølging. Det viser ein ny studie.

Ti verksemder i Noreg, deriblant fleire kommunar, er no i gang med liknande prosjekt sett i gang av Arbeidsdepartementet, skriv Aftenposten.

Det såkalla «Tillitsprosjektet» i Mandal inneber at den sjukmelde kan justere kor mange prosent sjukmeld vedkommande skal vere ut frå eigne vurderingar. Samtidig er oppfølginga av den sjukmelde frå arbeidsgjevar meir intensiv og omfattande enn vanleg oppfølging etter avtalen om inkluderande arbeidsliv.

Isolert for Mandal sokk sjukefråværet med 18 prosent i perioden.

Forskar Arnstein Mykletun seier til avisa at han trur ein av nøklane til suksessen er at det berre er to partar i staden for tre som skal få den sjukmelde tilbake i jobb. Vanlegvis er også legen involvert i prosessen.

Legeforeininga seier at dei er positive til alle tiltak som reduserer sjukefråværet, men er usikker på om eitt års eigenmeldingsrett faktisk fører til det. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...