Heim Nyhende Time heidra som årets nynorskkommune

Time heidra som årets nynorskkommune

Målbevisst satsing på nynorsk over lang tid har gjeve resultat for Time kommune. Og måndag kunne ordførar Reinert Kverneland (H) ta imot utmerkinga «Årets nynorskkommune 2016».

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) stod for utdelinga av prisen under ei markering i Det Norske Teatret i Oslo. I tillegg til blomar og heider får Time 100.000 kroner i prispengar.

– Det er veldig gildt at juryen og Kulturdepartementet merkar seg og set pris på det arbeidet vi har lagt ned. Prisen skal vi bruke til vidare satsing på godt språk, og eg håpar vi kan vidareføre nynorskprosjekta vi har starta, sa Time-ordførar Reinert Kverneland.

Kulturminister Helleland forklarte at ho har latt seg imponere over arbeidet jærkommunen har gjort for å fremje nynorsken.

– Dei har gjort mykje for å skape entusiasme rundt nynorsken og å marknadsføre kor viktig han er. I det heile tatt har dei gjort eit veldig godt arbeid på mange plan og vore veldig bevisste. Derfor var Time kommune eit riktig val blant mange gode søkarar, seier Helleland til Nynorsk pressekontor.

Under press

Juryen uttalar at kommunen syner «ei halding til språk som både imponerer og inspirerer», og at Time er «ein stolt nynorskkommune i ein region der nynorsken er under press».

Kverneland fortel at det er heilt naturleg for dei fleste innbyggjarane i Time å bruke nynorsk på grunn av dialekten, men at ein merker «presset» frå bokmålskommunane rundt.

– Vi ligg ikkje lenger enn to mil frå Stavanger og éi mil frå Sandnes, og i tillegg har vi Egersund på den andre sida. Likevel har vi ein nynorskdel blant skuleelevane på rundt 90 prosent, seier han til Nynorsk pressekontor.

Garborgkommunen

Time kommune har sett i gang fleire vellukka nynorskprosjekt over mange år, men særleg stolt er han over å vere heimkommunen til den kjende forfattaren Arne Garborg.

– Garborg var født her, og vi har både Garborgheimen, Garborgsenteret og Knudaheio her. Vi har så sterk tilknyting til Garborg og nynorsken at det er naturleg at vi brukar nynorsk og framhevar den når vi kan. Det er noko av det som gjer kommunen vår kjend, seier Kverneland.

Han vil også trekkje fram arbeidet som er gjort blant dei tilsette i kommunen.

– Vi har kursa dei og delt ut rettleiingsbrosjyrar for å hjelpe dei til å få eit betre språk. Og vi er veldig opptekne av å få ein moderne nynorsk slik at dei komande generasjonane er fornøgde med han, seier Kverneland.

Satsing i administrasjonen

Juryen roser Time kommune for å ha gjort medvit om språk til ein naturleg og integrert del av den kommunale kvardagen. «Den interne organiseringa med språkkontaktar i avdelingane som har jamlege nettverksmøte seg imellom, er Time truleg åleine om», heiter det mellom anna.

Og med nynorskprisen i hendene til Time, føler kulturministeren seg trygg på at han blir godt vareteken.

– Ja, det ser ut til at prisen er med på å inspirere kommunane til å tenkje nynorskarbeid kvar einaste dag. Denne prisen skal henge høgt, og det skal vere ein pris ein må jobbe for å få, seier ho. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...