Heim Nyhende To Hedda-prisar til Det Norske Teatret

To Hedda-prisar til Det Norske Teatret

Skodespelar Heidi Gjermundsen Broch fekk søndag Heddaprisen for beste kvinnelege hovudrolle som Diana i Next To Normal.

Next To Normal har gått på Det Norske Teatret sidan hausten 2010, og Gjermundsen Broch fekk prisen med følgjande grunngjeving:

– Årets vinnar har, gjennom si gripande, finstemte og djupt menneskelege tolking av den bipolare amerikanske husmora Diana i Next to Normal på Det Norske Teatret, gitt det definitive beviset på at musikkteater kan vere stor scenekunst.

Heidi Gjermundsen Broch er 36 år og har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2000.

Prisen for beste regi gjekk til Peer Perez Øian for regien på stykket Sjuk ungdom. Juryen peiker på regissørens evne til å leie skodespelarane til særprega og distinkte enkeltprestasjonar, samstundes som dei også presterer ensemblespel på høgt nivå. Sjuk ungdom føregår i Wien i perioden mellom 1. og 2. verdskrig, og stykket er skrive av Ferdinand Brückner.

Hedda-prisen vert delt ut årleg for framståande prestasjonar innafor norsk scenekunst. Prisen vart delt ut første gong i 1998.

I tilknyting til utdelinga av Hedda-prisen vert også Aksel waldemars minnepris delt ut. Prisen skal gå til ein bilet-kunstnar og til ein person som har gjort ein særleg insats for nynorsk secenkunst. I år gjekk prisen til bilet-kunstnar Arne revheim og dramaturg Ola E. Bø.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...