Heim Nyhende Vil ha kommunal plan for lesing

Vil ha kommunal plan for lesing

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Svein Arne Tinnesand, meiner det er kommunane som må prøve å gjere noko for dei fleire hundre tusen vaksne nordmennene som har lesevanskar.

Tinnesand viser i ein kommentar i Rogalands Avis til at bakgrunnen for at vaksne sine lesevanskar nå kjem opp er at avisene i førre veke skreiv at 300.000 nordmenn har så store problem med å lese at dei fungerer dårleg i samfunnet.

– Leseutfordringane er ikkje bare eit problem for einskildpersonen, det er eit samfunnsproblem. Det er eit problem i skule og arbeidsliv, og det er også eit demokratisk problem at mange ikkje meistrar skriftleg kommunikasjon, seier leiaren i bibliotekforeininga i kommentaren.

– Dette problemet er for viktig til at lokalpolitikarane kan overlate det til storting og regjering. Det er ute i den einskilde kommune ein merkar problema. Den einskilde vaksne som slit med lesinga treng hjelp her og nå. Det er i tillegg viktig og naudsynt at det på dette området blir sett inn tiltak som reduserer risikoen for at så mange vaksne skal slite med leseproblem, held han fram.

Tinnesand meiner kommunane sit på verkemiddel som kan vere med og snu den negative trenden. Han legg fram ein kommunal trepunktsplan som kan vere med og styrke lesekunnskapane. Dei tre trinna er tidleg innsats, som omfattar eit samarbeid mellom barnehage og bibliotek, eit lesefremjande læringsmiljø og eit lesefremjande lokalsamfunn.

Lesefrøprosjektet er eit vellukka bibliotekprosjekt retta mot barnehagebarn. Resultatet av prosjektet er at barna i prosjektbarnehagane har eit betre utgongspunkt enn det som er normalt for barn på deira alder, slår Tinnesand fast.

Han meiner eit godt skulebibliotek gir næring til vitebegjær og leselyst.

– Ein god skule skal ha eit godt bibliotek fordi det er eit viktig bidrag ikkje bare til skulen si pedagogiske utvikling, men også fordi det bidrar til eit lesefremjande læringsmiljø.

Han peikar vidare på folkebiblioteket sin viktige posisjon i høve til å skape eit lesefremjande lokalsamfunn.

– Norske bibliotek er godt rusta til å spele ei aktiv rolle i lesesatsinga om dei nyttar sine sterke sider, og ikkje minst gjennom samarbeid med andre institusjonar og organisasjonar både lokalt og sentralt, sluttar Svein Arne Tinnesand.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...