Heim Nyhende – Tøffare å vera rådmann

– Tøffare å vera rådmann

Dei siste to åra har minst 23 rådmenn måtta gå frå stillingane sine, viser ei kartlegging Kommunal Rapport har gjort. Fleire meiner det å vera rådmann har blitt meir krevjande.

 

– Klimaet har heilt klart blitt tøffare dei siste åra, seier sekretariatsleiar Hans Hagene i Norsk rådmannsforum til avisa.

Han fortel at stadig fleire rådmenn tek kontakt. Berre det siste halve året har forumet hatt femti saker om arbeidsavtalar for rådmenn.

– Det ser ut som om konfliktnivået mellom rådmenn og politikarar har auka, seier Hagene.

Også leiar i rådmannsutvalet i KS, interesseorganisasjonen for kommunane, Bente Larssen, meiner det har blitt meir krevjande å vera rådmann.

– Generelt kan det sjå ut som om ein i ein tilspissa situasjon raskt tyr til løysinga å kvitta seg med rådmannen, seier ho.

Både Hagene og Larssen meiner det aukande konfliktnivået mellom politikarane og rådmenn heng saman med at mange lokalpolitikarar er frustrerte fordi dei føler har fått mindre makt og handlingsrom.

Meir statleg styring og auka profesjonalisering blir nemnt som ulike forklaringar. Også ulik rolleforståing blir trekt fram som kime til konflikt.

– Generelt er nok ordførarar og rådmenn ikkje flinke nok til å ta den diskusjonen. Rådmann, toppleiinga i kommunen, ordførar og formannskap bør møtast og bli einige om korleis dei skal få samarbeidet til å fungera. Slik at politikarane føler dei styrer, mens rådmannen leiar, seier Hagene. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...