Heim Nyhende Litteraturdagane i Vinje utvidar og fornyar programmet

Litteraturdagane i Vinje utvidar og fornyar programmet

Med nær 40 arrangement doblar Litteraturdagane i Vinje tilbodet frå tidlegare år. Det blir konsert med Kjartan Fløgstads songar, engelske og skotske gjester snakkar om A.O. Vinje, Tord Gustavsen framfører eit tingingsverk om Ferdaminni, og Rita Mundal held Vesaas-foredraget «Tustar før Tusten».

 

Festivalen blir arrangert fredag 24.–søndag 26. august, opningstalar er språkdirektør Åse Wetås, og A.O. Vinje er festivalprofilen.

– Vi dekkjer heile litteraturen og heile vertskommunen. I år blir det difor også arrangement på Rauland, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret. – Med arrangement på fleire skular, ein sjukeheim og ein arbeidsplass, og tilbod til barn dreg vi også dit folk er i det daglege.

Frå 2018 har Nynorsk kultursentrum teke over ansvaret for festivalen frå Medlemslaget Litteraturdagane i Vinje. – Vi vil ta vare på alt det gode ved denne festivalen. Den rolege stemninga, fine forfattarlesinga og sterke solokonserten skal vere blant særmerka våre. Så fornyar og utvidar vi der det gir meining, seier direktør Ottar Grepstad.

Festivalprofilen er A.O. Vinje

Kvar festival får ein festivalprofil. I år handlar eit titals arrangement om 200-årsjubilanten A.O. Vinje. Med sine utsøkte musikarar framfører Tord Gustavsen tingingsverket «Huldra», bygt over eit kapittel i «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Ein annan Vinje-konsert står Lars Amund Vaage når han saman med Aasmund Kaldestad og Kyrre Eikaas Ottesen framfører «Vinje, vår mann». Forfattaren Vaage gjer jamvel eit unntak og set seg til pianoet offentleg.

Frå England kjem mezzosopranen Beryl Foster for å forklare kvifor det er så vanskeleg å gjendikte Vinje til engelsk. Frå Skottland kjem Guy Puzey og fortel om det han oppdaga då han tok til å studere Vinjes opphald i Storbritannia. Frå Oslo kjem Jon Haarberg og fortel om Rosa, Vinjes store kjærleik og tragedie.

Lesingar og foredrag

I opningshøgtida er Ragnar Hovland hovudgjesten. Frå sine mange bøker hentar han fram skildringar av folk som er undervegs. Litt seinare same dagen risikerer han å bli omtalt når Jan Inge Sørbø presenterer «Nynorsk litteraturhistorie». I samarbeid med Samlaget lanserer det digitale oppslagsverket Allkunne ein redigert kortversjon av Sørbøs store verk på dei vidaregåande skulane i Bø og på Dalen.

Festivalprogrammet inneheld mange foredrag. Det årvisse Vesaas-foredraget står bibliotekar Rita Mundal for. Ho har leita etter tustar før Tusten i Tarjei Vesaas’ forfattarskap og kjem til festivalen for å fortelje om dei ho fann. Essayisten og bankdirektøren Morten Søberg snakkar om Vinje, makta og økonomien, og Kjartan Fløgstad held foredrag om «Slagerens kunst – Vidar Sandbeck og lyrikken».

Konsertar og scenekunst i fleire format

I vår kom Fløgstads songbok, og slikt blir det konsert av. Til den tradisjonsrike festkvelden på Edland har Kjartan Fløgstad med seg Berit Opheim og Gabriel Fliflet. Der blir også Storegutprisen delt ut. Søndag står hardingfelekunstnaren Anne Hytta for ei stemningsfull avslutning i ein unik solokonsert.

Under Vinjedagen laurdag står Sigrid og Oddbjørn Aase på utescena i Åmot. Same dagen framfører Vinje barneteater familieforestillinga «Gubben på sokkelen» om A.O. Vinje.

Overraskinga: eit parti sjakk

– Kvart år vil vi gjere noko uventa, seier Ottar Grepstad. At språkdirektør Åse Wetås har vore med i ein sjakklubb, veit dei færraste. Ho er ein amatør, men takka med glede ja til ein samtale med sjakk-kommentator Atle Grønn om sjakk i språk og litteratur medan dei spelar eit av meisterpartia til Magnus Carlasen. – Tittelen var der før dei visste at dei blei spurde, fortel Grepstad. – Det måtte bli Det store spelet.

Vinje kommune restaurerte Vinjestoga til hovudmarkeringa ved 200-årssjubileet i april. Vinjestoga er open i heile sommar, også under Litteraturdagane i august.

No er programmet ute, førebels trykt i 7000 eksemplar, og oppdatert informasjon kjem på Litteraturdagane.no. Billettsalet er i gang, og budsjettet er på 1,1 millionar, opplyser dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret. 

Last ned detaljert program her

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...