Trass i ei folkerøysting som gav fleirtal for nynorsk som skulemål, har politikarane bestemt at Åmliskulane skal vere bokmålsskular.
Førre veka vedtok kommunestyret i Åmli, med ei stemme overvekt, at båe skulane i Åmli skal ha bokmål som hovudmålform. Det skjedde tre veker etter at folket i Åmli sa sitt om saka. I byrjinga av mai stemde nemleg 423 åmlingar for nynorsk som målform i skulen, medan 378 stemde for bokmål.
Ordførar Tellef Olstad (Sp) seier til NRK at det er beklageleg at ikkje alle politikarane valde å ta folkerøystinga til følgje, men seier ein berre må respektere fleirtalet i kommunestyret. No ser han fram til at ein lang og til tider opprivande måldebatt skal kome til ende, slik at kommunen kan kome seg vidare.