Maria Parr, Lars Mæhle, Tove Bakke og Kjartan Fløgstad er nominerte til Brageprisen 2009.
Maria Parr er nominert med barneboka Glimmerdalen, ei bok som allereie er omsett til fem språk og som også er nominert til Bokhandlarprisen. Lars Mæhle er nominert med ungdomsromanen Livet under isen, ein fantasyroman med utgangspunkt i religionhistoria. Tove Bakke er nominert for omsetjinga av den nyaste romanen til Anna Gavalda, Lykken er ein sjeldan fugl. Bakke har omsett fleire av den franske forfattaren Gavalda sine bøker. Veteranen Kjartan Fløgstad er i år nominert for romanen Grense Jakobselv. Fløgstad fekk Brageprisen i 1998 for boka Kron og mynt. I 2008 fekk han Brageprisens heiderspris.
Brageprisane blir delt ut i Oslo torsdag 19. november.